Statens vegvesen og Yr.no melder

No kjem uvêret – utilrådeleg å ferdast på vegane i delar av Sør-Noreg
Det er venta svært kraftig vind og store nedbørsmengder. I nokre område vil det ikkje vere tilrådeleg å ferdast på vegane. På fjellet kan det kome snø, dette skriv Statens vegvesen i ei pressemelding torsdag.
Oransje farevarsel lokalt i Surnadal og Rindal.
For Surnadal og Rindal er det utstedt oransje farevarsel for svært sterke vindkast fra fredag kveld til lørdag ettermiddag.
Se oppdateringer på Yr - Surnadal - Langtidsvarsel og Yr - Surnadal - Langtidsvarsel.
Svært sterke vindkast
Vinden kan føre til trefall i låglandet og snøfokk på fjellet. Nedbøren kan føre til jord- og flaumskred. Vegar kan bli stengde og ferjer innstilte. Varslet gjeld frå fredag kveld til utpå dagen laurdag.
Vegar og bruer kan bli stengde
Uværet vil ramme heile Sør-Noreg. Den kraftigaste vinden (raudt farevarsel) vil treffe kysten av Skagerrak. Den kraftigaste nedbøren (raudt farevarsel) vil ramme delar av Vestfold og Telemark.
Vinden gjer at mange vegar kan bli stengde på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen. Mange reiser kan få mykje lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengde.
Det vil i nokre område bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn og fare for vatnplaning. Det er stor fare for stengde vegar. Ein del stader kan miste vegsambandet mellombels. Ver førebudd på at reisa kan ta lengre tid enn ho pleier.
Fare for snø på fjellet
Også på fjellet i Sør-Noreg blir det kraftig vind, og det kan komme snø. For dei som skal over fjellet, er det viktig å vere godt førebudd.
– Folk må vere førebudd på vêret som kjem. Skal du over fjellet, er det viktig å sko køyretøyet rett. Køyr med vinterdekk, ha med mat og varme klede og pass på at bilen er fullada eller har nok drivstoff, oppmodar avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.
– Om det kjem snø, er entreprenørane våre allereie førebudde på vinter og står klare med både mannskap og maskinar for å rydde fjellovergangane i helga om nødvendig, legg han til.
Haustferien er ein periode med auka trafikk på mange vegstrekningar, spesielt mot fjellområde og populære hyttekommunar.
Må du ut og reise?
– Vurder nøye om reisa bør og kan gjennomførast, seier Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.
Han oppmodar folk til å følgje med på vêrvarselet og på vegvesen.no/trafikk eller i appen Vegvesen trafikk for å få ei fullstendig oversikt over situasjonen på vegane.
Sjå også: