Pressemelding:
Støtte til bevaring og tilgjengeleggjering av historia til Sanitetskvinnene i Møre og Romsdal
8. desember fekk Norske Kvinners Sanitetsforening Møre og Romsdal og Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal tildelt 322 000 kroner i prosjektmidlar frå Arkivverket. Midlane kjem frå Norsk Tipping sitt speleoverskot – og målgruppa for støtteordninga er institusjonar som bevarar, tilgjengeleggjer og formidlar arkiv. Den samla potten var på 12 millionar kroner.
-Vi i NKS Møre og Romsdal vart på etterjulsvinteren kontakta av Åsta Vadset ved IKAMR om vi ikkje skulle gå samman om Noregs første digitaliseringsprosjekt av Sanitetskvinnenes stolte historie, fortel fylkesleiar Elinor Bolme.
- Åsta Vadset ville ta hand om det praktiske rundt søknaden til Arkivverket, medan vi i saniteten skulle bistå i innsamlinga av historiske materiell.
Norske Kvinners Sanitetsforening vart oppretta 26. februar 1896. Lokalforeningar vart danna over heile Norge. Arkiva etter dei lokale sanitetsforeningane syner på mikronivå den store innsatsen som vart lagt ned i små og store lokalsamfunn over heile landet. Det var sanitetsforeningane ilag med helselaga som bygde opp primærhelsetenester i form av sjukestover, skuletannlege, helsekontroll, sjukestover, heimesjukepleie, sjukeheimar, tuberkuloseheimar, helsestasjonar, husmorvikartenesta og også barnehagar. Desse tenestene vart etterkvart tekne over av det offentlege, og Lov om Helsestasjoner kom i 1972. Den innebar at drifta av helsestasjonane vart eit kommunalt ansvar.
Med dette prosjektet ønsker vi å sette fokus på dette nitide og viktige arbeidet, som skjedde på dugnad, primært av kvinner som ofte hadde store omsorgsoppgåver i utgangspunktet. Innsamlinga og tilgjengeleggjeringa av desse arkiva muliggjer grundig nærstudie av lokale forhold i heile fylket, for dei som ønsker å gå grundig inn i empirien. Det er også interessant å sjå kva endringar som skjer i arbeidet når det offentlege etterkvart tek over oppgåver foreningane har jobba for, fortel Vadset. Vi ønsker derfor å digitalisere møtebøker og årsmeldingar, frå lokallaga vart starta og fram til 1990. Ved å gå fram til år 1990 vil vi kunne sjå korleis arbeidet til foreningane vart påvirka av dette.
Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal tek derfor no imot arkiv etter Sanitetskvinnene frå heile fylket. Så langt har vi fått inn 40 lokallag sine arkiv. Fleire er på veg inn, og dette gjeld både nedlagde og eksisterande foreningar.
Når arkiva er ordna og registrerte vil digitalisering av møtebøker og årsmeldingar starte. Desse skal gjerast tilgjengelege på digitalarkivet.no, innanfor personvernregelverket. På denne måten tilrettelegg vi for at historia til Sanitetskvinnene vert brukt – av forskarar så vel som av alle andre.
-Vi oppfordrar difor den som har, eller veit om gamle dokumenter som kan vera av interesse om å ta kontakt avsluttar fylkesleiar Bolme.
- Både som omhandlar lokallaga, eller fylkesforeininga.