Eldres Dag 2021

Nokon har to rom og kjøkken, - nokon har Rønnan

Rindal eldreråd og Rindal pensjonistlag inviterte til feiring av Den internasjonale eldredagen på Rønnan i Stangvik den 1. oktober.

Publisert

Anita Land ønska 30 rindalingar velkomne og serverte forsamlinga kaffe, kaker og bakels i to av dei tre stuene som ligg etter kvarandre i første etasje i den staselege bygninga.

Herskapeleg oppdekning!
Syltetøyskåla var keramikk fra Berit Dyrnes

Etterpå fekk vi ei grundig orientering om historia til Rønnan, og vi fekk god tid til å gå rundt i heile huset. Det er flott at eigarane av dette staslege huset deler det med andre. Anders Askelund og Brit Dyrnes har vore sterkt knytta til Stangvik heilt sidan Askelund var turnuskandidat som lege i Surnadal. Dei har hytte i Stangvik, og Brit Dyrnes har keramikkverkstad på Kvanne. Etter å ha drømt om dette huset i mange år, fekk dei kjøpe det i 2020.

Rønnan er på mesta 900 kvm, har fire etasjar og kjellar, tolv soverom, ni bad, fem stuer og bibliotek, og i kjellaren er det pub!

Det var gullgravaren Fredrik Bruset som bygde dette huset i 1907. Han fekk vi høre meir om frå Svein Sæter.

Fredrik vart gift med Molla, som han var onkel til. Ho var mykje yngre enn han. Fredrik døde i 1946, og Molla døde i 1983. Dei var barnlause. Eit statleg kollektiv kjøpte Rønnan på 90-talet til behandlingsheim for narkomane. Da vart det gjort nokså store endringar i huset.

Discolys i baren!

Kollektivet gjekk konkurs, og ein tyskar som heitte Adolf kjøpte huset. Spora etter han er at romma i huset har fått namn etter stader Adolf hadde besøkt i Norge. Det var også han som innreidde pub, eller bierstube i kjellaren.

Adolf fann seg ikkje tilrette i Stangvik. Kulturskilnaden vart for stor, og det vart eigarskifte. I 2002 kunne ekteparet Marit Jorid og Palmer Brennskag ta over Rønnan. I tida deira her, vart mange av veggene i huset måla.

Herleg plass for middagskvil!

I 2015 kom neste eigarskifte. Linda Kjersem og Johnny Andre Skår tok over bustaden. Dei restaurerte noko tilbake, men storinnsatsen deira var å skifte alle vindauge i det store huset!

Da huset vart lagt ut for salg att, i 2020, var det Anders Askelund og Brit Dyrnes som fekk oppfylt drømmen sin om å eige Rønnan. Askelund er supersamlar, eller ikkjekastar, noko som pregar huset. Dagens eigarar ønsker at huset skal bli brukt. Det er dette besøket eit eksempel på, og det er fleire kunstnarar som leier seg inn her.

Nyleg var det eit seminar for hjerneforskarar på Rønnan.

Svein hadde ei lydhør forsamling.

Etter opplevinga av heile dette herskapelege huset med så mykje inventar og så interessant historie, samla folk seg på ballsalen til kåseri om «Gullrushet og Gullkongen» av Svein Sæter.

For det var Gullkongen Fredrik Bruset som bygde Rønnan i denne rydningen (Rønnan – rønning – rydning). Han hadde vore i Amerika på gullgraving og vorte rik, kom tilbake og bygde Rønnan, som var ferdig i 2007.

Interessant tidslinje, 1814 - 1907 - 1907.

Han voks opp på ein stor gard i Stangvik, men faren kom i stor gjeld, 8000 kr i 1890. Fem søner reiste til Amerika for å sende pengar heim:

Sing sang ei!

- I dag, kjære moder og fader, har jeg sendt 5 dollar, kunne det stå i amerikabreva.

Fredrik Bruset drog nordover. Først jobba han i tømmerskogen, før han drog til Alaska og Canada. Der prøvde han seg, i lag med veldig mange andre, på gullgraving i Bonanza Creek og Eldorado Creek. Det siste området viste seg å vere det største område med gull i verda!

Etter to år utan brev, kunne foreldra i Stangvik i 1897 motta brev frå Fredrik om at han hadde funne det største gullfunnet i Amerika. Faren vart gjeldfri, og i svarbrevet Svein Sæter hadde funne, skreiv faren at han ikkje fann ord for kor takknemleg han var. Sikkert både for pengane og for å høre at sonen var i live.

Eit av dei 9 bada.

Det store gullrushet tok verkeleg av i Yukon-området. Nokre få vart gullkongar, slik som Fredrik Bruset. Han vart eigentleg styrtrik! Han betalte arbeidarane sine godt og var godt likt. Det var ingen som misunte han.

Bilde Bruset og Blake med linken http://old.trollheimsporten.no/et-lokalt-mesterverk.6163124-137312.html?showtipform=2

Svein fortalte at Fredrik reiste heim til Norge på 3.klasse i same kleda som han reiste ut i 10 år tidlegare, men med gull i bagasjen. Broren reiste oppdressa på 1.klasse med store, tomme koffertar som avledningsmanøver!

Klart til peiskos!

Gullet var brukt til å bygge Rønnan og til mange andre investeringar i Stangvik.

Fredrik Bruset sympatiserte med NS, mest av nasjonale grunnar. Etter krigen fekk han ei bot på ein kvart million.

Svein Sæter skreiv musikalen «Stjernestøv» i 2018 om gullgravarlivet med utgangspunkt i livet til Fredrik Bruset. Ein mindre versjon av musikalen vart framført i Bondhuset i haust med tittelen «Gullrushet og Gullkongen».

Svein Sæter fekk applaus frå gjestene og bok frå Helene Marie Nergård, ledar i Rindal pensjonistlag.
Er kråskåpen Halgunset-skåp?

Andre leitar framleis etter gull både i Amerika og i Gisnadalen – og finn, slik vi kunne høre i trønderradioen da vi kom heim.

Rindalingar samla på trappa på Rønnan på Eldres Dag 2021.
Powered by Labrador CMS