Svein Sæter

Mektig stjernestøv i Bondhuset

Publisert Sist oppdatert

Teamet er gullrushet i Klondike på 1890-talet der Fredrik Bruseth fra Stangvik som kjent traff gullåra og kom attende til bygda som Gullkongen. Anledninga er 100-års jubileet for Bondhuset, og det er Stangvik Grendalag som står bak arrangementet.

Musikalen "Stjernestøv" frå 2018, skrive av Svein Sæter og tonesett av Lars Ramsøy-Halle, gjorde stor suksess da den vart oppført i Surnadal og Sunndal. Framsyninga i Bondhuset torsdag fekk tittelen «Gullrushet og Gullkongen». Komponist og musikar Ramsøy-Halle kan liketil skryte av å vere av gullgravarslekt. Fredrik Bruseth var nemleg gammel-gammelonkelen hans.

Øystein Sandbukt, Ivar Sandbukt og Lars Ramsøy-Halle, saman med vokalistane Sigrid Vetleseter Bøe og Harald Brusethaug, laga ei flott musikalsk ramme rundt historia Sæter fortel. I musikalen møtte vi Ingrid (Vetleseter Bøe), ein rollefigur inspirert av Ingrid Sjølseth frå Øksendalen, ei av dei få kvinnene som busette seg i Klondike i Canada. Den mannlege rollefiguren er modellert etter Gullkongen sjølv. Disse to går òg att i «Gullrushet og Gullkongen».

Harald Brusethaug og Sigrid Vetleseter Bøe

-Stangvik er framleis prega av Fredrik Bruseth, sa Svein Sæter. Mellom anna kosta Bruseth bygging av det 100 år gamle forsamlingshuset, nytt orgel til Stangvik kyrkje og bidrog til å få bygd todalsvegen. Han bygde òg praktboligen Rønnan som er eit framtredande element i bygdebildet.

Ingen Kardemomme by

Sæter fortel om dei harde kåra i gullgravarbyen og den overmåte strabasiøse reisa for å komme dit. Hundre tusen menneske ville freiste lykka i gullgruvene. Mange av dei kom aldri att. For å kunne dra var det krav om å ha med seg eitt tonn med forsyningar på den 1200 mil lange ferda. Det vart mange turar att og fram.

For Ingrid Sjølseth var møtet med byen som var prega av vold, fyll og horeri sjokkerande. Inger var ei dame med sterk kristen tru, og såg det som si oppgåve og hjelpe dei som trong det. Det vart etter kvart laga lover i byen, og forbrytelsar vart hardt straffa. Tjuveri av sårt trengte forsyningar vart straffa med døden og døden var å bli sendt ut i isødet åleine.

-Det var ingen Kardemomme by, sa Svein Sæter.

Sigrid Vetlesæter Bøe i rolla som Ingrid

Eldorado

I elva Eldorado Creek var det at Fredrik Bruseht fekk seg eit stykke å drive gullgraving på. Vi får høyre om dei harde arbeidsforholda med frost i bakken om vinteren og vatn i gruva sommarstid.

Svein Sæter er òg innom rolla Bruseth hadde under andre verdenskrig.

- Breva han skreiv i Klondike viser at den unge Fredrik Bruseth slett ikkje var nokon rasist. Likevel hamna han seinare i Nasjonal Samling. Eg brukar å kalle han ein slags bjørnsonnasjonalist, seier Sæter.

Det første Bruseth gjorde etter gullfunnnet, var å sende pengar heim til den gjeldstynga faren i Stangvik. Fem søsken drog til Amerika for å tene pengar som dei kunne sende heim. Alle fekk seg vanlege jobbar, og sendte trufast nokre dollar heim til Stangvika når dei hadde noko å avsjå. Slik gjekk tida fram til Fredrik si lykke i gullgruva.

Aktørane i "Gullrushet og gullkongen: Frå venstre Svein Sæter, Sigrid Vetleseter Bøe, Harald Brusethaug, Lars Ramsøy-Halle, Ivar sandbukt og Øystein Sandbukt.

Gullkongen skulle vise seg å bli ein raus bidragsytar i bygda og distriktet. Han sat i kommunestyret, og spedde gjerne på av eiga lomme når han syntes bevilgningane vart for små.

Harald Brusethaug si stemmeprakt fyller salen i Bondhuset til randen. Svein Sæter trivest godt i rolla som forteljar. Det er ein kunst han beherskar til fulle. Sigrid Vetleseter Bøe imponerer som vanleg. Innlevinga ho viser i tolkinga av Ingrid er sterk. Vi kjenner Ingrid si frykt og indignasjon over forholda spre seg utover salen i det erverdige Bondhuset.

Powered by Labrador CMS