Fokus på Rindalsdialekta

Bilde bakafrå i salen.
Over 60 frammøtte i Attanova i Rindalshuset.

Over 60 - og det var dei fleste

Over 60 godt vaksne interesserte tilhørarar var møtt opp i kinosalen Attanova i Rindalshuset torsdag for å høre samtalen om rindalsdialekta.

Publisert Sist oppdatert

Son snakka oss

Overskrifta på samlinga var "Son snakka oss". Oppvarming medan publikum fann seg plass i Attanova var musikk frå Labbetaran, ein kassett som Fotballgruppa i Rindal IL gav ut ein gong på 80-talet. (Faktaboks lenger nede.)

Forsamlinga i Rindalshuset
Forventningsfullt publikum i Attanova i Rindalshuset.

Det var dialektfantomet Åse Børset frå iTrollheimen og Dialektplakat som hadde invitert til denne matinéen. No er det åtte år sidan den første dialektplakaten vart laga. Den var sjølsagt av rindalsdialekta. No har det vorte laga rundt 250 dialektplakatar!

Åse har ikkje laga desse plakatane heilt på eiga hand. Ho blir kontakta av privatpersonar som sender henne nokre ord. Så kan det bli ei lokal facebookgruppe der fleire forslag kjem. Da har ho råstoff til å lage eit utkast, som igjen kan bli utvikla til eit endeleg produkt.

Vi fekk så sjå ein video som viste litt av gangen i arbeidet med dialektplakatane som resultat av desse dugnadane utan ekspertar. Internett gjer at Åse slepp å reise land og strand rundt.

Arne Aune har laga ei eiga lokal dialektsamling og katalogført uttrykka. Sjå om det på Facebook.

Panelsamtale

Panelet Åse Børset hadde samla saman var sakkyndige og lokale dialektbrukarar, Oddbjørn Heggem og Anni Karlstrøm frå revymiljøet og frå to generasjonar (eige utsagn) og Magne Løset, historieforteljar.  Så hadde dei med seg Tor Erik Jenstad som fagleg alibi. Han er sunndaling og har mellom anna vore ordbokredaktør.

Sjølv meinte Åse at ho hadde plukka ut fire gaue folk, og dermed var "tåksjåvve" i gang,for ordet "gau" og "gøttj" er eit av dei mest brukbare dialektorda. I lag med "tur"  og "turt", som er mesta det motsette, så må ein bruke fleire ord viss ein skal erstatte dei.

Paneldeltakarane
Panelet

Praten i panelet gjekk lett om dialekt og språkutvikling, ispedd treffande historier frå Magne Løset og Per Erik Jenstad. Svært sjeldan ein opplever så sterke lattersalver som dei som rasa nedover benkeradene i Attanova i dag.

Språket er under stadig utvikling. Tidlegare hadde vi fire kasus i norsk. No er dei mesta borte, sjøl om mange i Rindal dreg til skogs når dei skal oppi skogen og er oppi skoga resten av dagen. Da brukar dei både genitiv, akkusativ og dativ, medan andre no seier at dei skal til Rindal, altså nominativ.

Språkutvikling

Åse Børset kunne også fortelle at iTrollheimen hadde ein framskoten forskarstasjon som har forska på utviklinga av lyden kj/sj, noko som ikkje er spesielt for dialekta på våre kantar. Vi fekk så ei videohelsing frå Råg Austestun å Dasstrø'n. Han er slektsforskar og dialektforskar frå Dasstrø'n.

Gøran Bolme med musikalsk videohelsing.
Videohelsing frå høgare ekspertise, slektsforskar og dialektforskar Råg Austestun å Dasstrø'n, også kjent som Gøran Bolme.

Framføringa var ei ubeskriveleg musikalsk og verbal oppleving! Vi som satt på fremste rad kjente godt latterbølgene frå publikum bak oss!

Blide paneldekarar.
Dei hadde det gøttj i panelet også!

Alle har vi hørt mange historier om bruk av dialektuttrykk, og det fekk vi høre fleire av under denne forestillinga. Revyane i dalføret har også vore opptekne av å ta vare på gode dialektuttrykk.

Språket utviklar seg stadig, men bruk av eigne dialekter er det mange som er opptatt av i dag. Det er populariteten av Dialektplakatene som Åse Børset lagar eit bevis på. Vi fekk og døme på at dialekt kan vere positivt i jobbsøking. Dialekt er eksotisk!

Søgen av samtale under minglinga etter at Oddbjørn Heggem avslutta programmet med eige dikt frå studietida i Molde, fortalte at folk ikkje var ferdig med det dei hadde opplevd i salen. Hadde det vore gitt ordet fritt i salen, så hadde vi sete der enno..

Medisinflaske
Takkegaven til dei mannlege paneldeltakarane hadde ingen strekkode. Anni sin gave var visst noko liknande

Labbetaran

Kassetten "Putre" puff med Labbetaran kom ut ein gong først på 80-talet. Det var både viser og dikt. Alle dikta var skrivne av Jon Langli, og sangtekstene var det Oddbjørn Heggem som skreiv.

Labbetaran bestod av Laila Børset, Helge Sæter, Marvin Røen, John Egil Tørset, Jon Møkkelgård, Oddbjørn Grytbakk og Oddbjørn Heggem (Kilde). 

Powered by Labrador CMS