Innsamlingsaksjonen for hjartekompresjonsmaskiner har passert 190 000 kroner:

Linda Kvande (t.v.) og Tor Arne Moen (t.h.) har grunn til å smile etter at dei måndag mottok ein sjekk på 60 000 kroner frå Consto-sjef Anders Grimsmo (bak t.v.) og Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank (bak t.h.).

Nærmar seg målet etter stor pengegåve

Surnadal Sparebank og Consto går saman og gjev 60 000 kroner til innsamlingsaksjonen for hjartekompresjonsmaskiner i Surnadal og Rindal. Saman med ambulanse og brannvesen oppmodar dei no fleire bedrifter til å hive seg med på spleiselaget.

Publisert Sist oppdatert

I starten av desember i fjor tok Surnadal ambulanse, Rindal ambulanse og brannvesena i Surnadal og Rindal initiativ til ein innsamlingsaksjon for å skaffe hjartekompresjonsmaskiner til Surnadal og Rindal.

Måndag fortel dei til Trollheimsporten at innsamlinga nærmar seg 195 000 kroner, etter ferske, store bidrag frå Surnadal Sparebank og Consto, på til saman 60 000 kroner.

Retting: Vi skreiv først at innsamlinga nærma seg 135 000 kroner, men det var beløpet FØR dei 60 000 frå Surnadal Sparebank og Consto hadde vorte rekna med.

– Vi er umåteleg takksame for alle som bidreg, og sett utruleg stor pris på at Surnadal Sparerbank og Consto bidreg med slike store beløp. Utan dykk hadde innsamlingsaksjonen stoppa opp, seier brannsjef Tor Arne Moen til Consto-sjef Anders Grimsmo og marknadssjef Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.

– Dette er for bygda vår og innbyggarane våre, og - bank i bordet - ingen veit kven det rammar neste gong, seier han.

– Stor tryggleik for oss alle

Hjartekompresjonsmaskinene, såkalla Lucas 3-maskiner, kan utføre mekaniske hjartekompresjonar til pasientar med hjartestans. Kvande fortel at den siste prisen dei har fått oppgjeve frå leverandør er 125 000 kroner per maskin.

– Vi har prata om at vi burde hatt slike maskiner i eit par år no, og når det ikkje er rom for det på budsjettet fann vi ut at vi måtte prøve å gjere noko for å få inn pengane sjølve. Dette er utstyr vi veit kjem til å bli brukt, seier Kvande.

Anders Grimsmo frå Consto og Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank seier at det var eit enkelt val å seie ja til å bidra, då dei fekk førespurnaden.

– Når de ikkje finn ro med tanke på at de ikkje har rom for å kjøpe inn desse innanfor budsjetta dykkar, og tykkjer det er eit så viktig hjelpemiddel at de går ut for å få tak i pengane sjølve, då må vi berre møte opp og støtte opp, seier Grimsmo.

– Ja, vi var med på å støtte det same i Heim kommune, og det er ein stor tryggleik for oss alle at ambulanse og brannvesen har det utstyret dei har behov for, seier Dalsegg, og slår fast:

– Dersom berre eitt liv blir berga på med hjelp av denne gåva, er det vel verdt det.

Grimsmo meiner at den lange avstanden frå Surnadal til sjukehus og døgnopen legevakt, gjer innkjøpet av Lukas 3-maskiner ekstra viktig.

– Det er dessverre ikkje slik at ein får hjartestans der- og når det passar, seier han, og fortel at Consto nyleg opplevde at ein av deira tilsette fekk hjarteinfarkt på jobb.

– Då kom det ambulanse og berga situasjonen. I slike tilfelle ser ein at vi som ikkje har den kunnskapen eller kompetansen, blir heilt hjelpelause, og har lite å fare med i slike situasjonar.

Linda Kvande (f.v.), Anders Grimsmo, Liv Dalsegg og Tor Arne Moen.

Mange fordelar med Lukas 3-maskin

Når eit hjarte sluttar å slå, krevst effektive og kontinuerlege brystkompresjonar for å oppretthalde blodsirkulasjonen fram til pasienten sin eigen hjartefunksjon er gjenoppretta.

Vanlegvis vert denne oppgåva utført med manuelle kompresjonar, og over tid blir dette svært krevjande. Sjølv om kvaliteten på gode, manuelle kompresjonar og mekaniske kompresjonar er tilnærma lik, vil ei hjartekompresjonsmaskin kunne gje betre og meir effektive kompresjonar over tid.

Ambulansane og brannvesena trekkjer, i eit søknadsbrev dei har forfatta til lokale bedrifter, fram fleire fordelar ved å ha hjartekompresjonsmaskin:

  • Ved å bruke hjartekompresjonsmaskin vert kvaliteten på hjarte- og lungeredninga standardisert, og avbrota i kompresjonane vert minimert.
  • Maskinen frigjer hender, slik at ambulansepersonellet kan fokusere på andre livreddande tiltak.
  • Ein hjartekompresjonsmaskin vil kunne gje auka sjanse for overleving til dømes der pasienten treng avansert behandling på sjukehus for å overleve. Det kan gjelde djupt nedkjølte pasientar med hjartestans, som vil kunne ha nytte av å leggjast på hjarte- lungemaskin for oppvarming. Ein har då og behov for kontinuerlege kompresjonar under transport til sjukehus. Av omsyn til eigen tryggleik kan ikkje hjarte- og lungeredning utførast under transport i bilambulanse frå Surnadal og Rindal i dag. Behandlinga må då i nokre tilfelle avsluttast lokalt, dersom det ikkje kjem luftambulanse, som hjelper til med transport.
  • Med hjartekompresjonsmaskin kan hjarte- og lungeredning verte utført under transport, samtidig som helsepersonellet sitt sikra i ambulansen.

– I tillegg vil det med ei slik maskin vere mogleg med transport av pasientar med hjartestans på ambulanseoppdrag utanfor veg, til dømes med båt eller skuter, seier Tor Arne Moen.

Luftambulansetenesta i Norge er utstyrte med Lukas 3-maskiner, men per i dag vert 95 prosent av alle ambulanseoppdrag av bilambulanse, fortel Linda Kvande, som legg til:

– Det er mange som ikkje tenker på at det er ganske mange dagar i løpet av eit år eit ambulansehelikopter ikkje vil kunne hjelpe til, fordi det er oppteke på anna oppdrag, dårlege vêrforhold, mangel på flytid eller liknande. Det er inga sjølvfølge at dei kan komme.

– Alle bidrag hjelper

Ambulansane og brannvesena har så langt fått inn bidrag frå både bedrifter, privatpersonar, lag og organisasjonar.

Brannsjef Moen tykkjer det er spesielt stas at fleire organisasjonar, som Rindal IL, Surnadal bygdekvinnelag og Surnadal Sanitetsforening, er blant bidragsytarane så langt.

– Dette er organisasjonar som tener pengane sine på frivillig innsats, på sal av bakels, bortimot, så at dei finn rom for å støtte aksjonen er prisverdig, seier han, og rosar samarbeidet mellom Surnadal og Rindal i denne saka:

– Vi såg det som heilt naturleg for kommunane å samarbeide om dette, for vi er ressursar for kvarandre, og utfyller kvarandre godt.

Linda Kvande frå Surnadal Ambulanse takkar for støtta som har komme inn så langt, og håpar at det etter kvart kjem inn nok pengar til å nå 250 000 kroner, som er prislappen for å få kjøpt inn ei maskin i Rindal og ei i Surnadal.

Ho fortel at gåva frå Surnadal Sparebank og Consto vert sett stor pris på:

– Denne gåva gjer at vi er mykje nærmare målet om å få kjøpt inn to maskiner. Dette er maskiner som kan komme alle til gode, så vi er glade for at de støttar opp, seier ho.

Kvande understrekar at initiativtakarane er glade for alle store og små bidrag som kjem inn til aksjonen:

– Alle bidrag hjelper!

Og Liv Dalsegg og Anders Grimsmo på si side, oppmodar fleire bedrifter til å komme på bana med økonomiske bidrag til hjartekompresjonsmaskiner.

– Dette er eit godt formål, som gagnar mange. Vi håpar at desse 60 000 er eit stor skritt på vegen mot å nå målet, og meiner fleire må på bana – for dette må vi få på plass så fort som mogleg, seier Dalsegg.

I samband med innsamlingsaksjonen er det oppretta ein såkalla "Spleis", som gjer det enkelt å støtte formålet. Den finn du under her, eventuelt på denne linken:

Obs! Ved større beløp oppmodar initiativtakarane bedrifter og andre til å føre over direkte til kontonummer 42131770809.

Powered by Labrador CMS