Arbeidsveke for niandeklassingane ved Surnadal ungdomsskule:

Niandeklassingane Nina Næss Bolme (t.v.) og Em Holten er utplassert på Rema 1000 i arbeidsveka.

Får nyttig jobberfaring gjennom utplassering

Denne veka har niandeklassingane ved Surnadal Ungdomsskule arbeidsveke, der dei får ta del i arbeidskvardagen i ulike lokale bedrifter. På denne måten skaffar dei seg nyttig erfaring frå arbeidslivet, og får sjå korleis ting fungerer ute i bedriftene.

Nina Næss Bolme og Em Holten er å finne på Rema 1000 ved Alti Surnadal. Næss Bolme er glad ho er utplassert akkurat der, fortel ho:

– Eg likar å sette på plass og rydde og slik, og tykkjer det er ganske artig. Så det passar bra.

Når Trollheimsporten er innom dei, er Em og Nina halvvegs i arbeidsveka. Arbeidsoppgåvene så langt har dei trivdest godt med.

– Vi har sett på plass mange store pallar med varer, og rydda i butikken, seier Nina.

Dei to tykkjer arbeidsveka er ei god ordning, og sett pris på å få prøve seg i arbeidslivet.

– Ja, det tykkjer eg har vore veldig greitt, seier Em.

Nina supplerer:

– Eg tykkjer det er veldig bra at vi får vite litt korleis det faktisk er å arbeide.

Powered by Labrador CMS