Kommunestyremøte i Surnadal

Ei dame på talerstolen foran flere mennesker. De sitter ved hvert sitt bord med PC foran seg.

Surnadal kommune sin rekneskap for 2022 - Både inntektene og utgiftene vart høgare enn budsjettert

Publisert Sist oppdatert

I kommunestyremøtet i Surnadal torsdag orienterte kommunedirektør Knut Haugen og økonomisjef Vibeke Langli om kommunens rekneskap for 2022. Rekneskapen er ikkje revidert enda, men tala er i hovudsak klare.

Skatteinntektene til kommunen i fjor var høgare enn budsjettert, men rammetilskotet vart lågare enn i budsjettet. Driftsutgiftene har gått mykje opp, mellom anna lønsutgiftene, som vart merkbart høgare enn budsjettert.

Brutto driftsresultat vart eit mindreforbruk på ca 5.750.000 kroner. Dette er eit godt resultat, med tanke på at det var budsjettert med eit meirforbruk på ca 2,7 millionar kroner i brutto driftsresultat.

Netto finansutgifter har og auka betydeleg samanlikna med fjoråret, og samanlikna med det som var budsjettert. Dermed endar ein opp med eit netto driftsresultat med meirforbruk på 1.225.949 kroner. I tillegg kjem avsetning og bruk av bundne driftsfond på litt over 3 millionar kroner. Det er sett av meir enn det er bruka av budne driftsfond. Desse pengane ligg i balansen, og kan brukast i seinare år, men framstår som meirforbruk i driftsregnskapet. Summen av meirforbruket blir da 4.262.567 kroner.

Økonomisjefen minna om at 2022 fortsatt var eit koronaår. Også dette året var det nedstengingar innanfor fleire av einheitane, og det var mykje sykdomsfråvær. Det kan ein sjå i rekneskapen.

Ein annan rekneskapspost som gjorde store utslag i 2022 var sal av konsesjonskraft. Det var budsjettert med inntekter på 7,5 millioner kroner på konsesjonskraft, men det enda på berre 700.000 kroner i inntekter på denne posten.

Fjoråret var og prega av ekstremvêr. Langli peika på at ikkje minst ekstremvêret Gyda førte til press på mange tjenester.

Særlig siste halvdelen av fjoråret tok kommunen mot mange flyktningar. I løpet av eit stort halvår i 2022 kom det omtrent fire gongar så mange flyktningar til Surnadal som det vanligvis gjer på eit år. Det har lagt press på heile organisasjonen, sa økonomisjefen.

Renteutgiftene gjekk merkbart opp i løpet av fjoråret, på grunn av auka rentesatsar, og det var i tillegg ein generell kostnadsvekst som verkar inn på rekneskapen.

Powered by Labrador CMS