Brit Ågot Brøske er født i 1975 og er frå Stangvik i
Surnadal. Brit Ågot har sidan 2009 vore tilsett som førstelektor ved Norges
musikkhøgskole i Oslo. Der underviser ho ved musikklærer-utdanninga. Ho er
utdanna organist frå NTNU i Trondheim og har Praktisk pedagogisk utdanning og
Master i musikkpedagogikk frå Norges musikkhøgskole.
Brit Ågot
har heilt sidan 2010 vore involvert i ei rekkje internasjonale
samarbeidsprosjekt i musikkpedagogikk, i Georgia, i Sør-Libanon, Sør Afrika og
no i India. Brit Ågot driv for tida med ein doktorgrad, der ho undersøkjer
utvikling av musikkutdanning i Sør India.
Foredragstema: Frå musikkskolen for alle i
Surnadal til ‘Music for all’ i India
Brit Ågot
vil dele erfaringar frå eit samarbeidsprosjekt mellom ein musikkskule i Bangalore
i Sør India og Norges musikkhøgskole. Samarbeidsprosjektet har hatt fokus på
utvikling av interkulturell kompetanse hos studentar og tilsette, etablering av
ei bachelor-utdanning i musikk og musikkpedagogikk i India, og å utvikle eit konsept
og strukturar for musikkundervisning i grunnskular i India. Det er særlig
arbeidet innan utviklinga av musikkundervisning i grunnskoler som vil være tema
i dette foredraget.
I India
er musikkopplæring tradisjonelt forbeholdt talentfulle barn, eller barn frå
«musikk»-familiar. Slik musikkopplæring skjer utanfor skuletid, «sittande ved
føtene» til ein guru. Å skape strukturar for og kompetanse innan
musikkundervisning for alle born, har dermed vore i fokus i prosjektet. Musikklærar-yrket
er i India ikkje sett som eit mogleg yrke, og musikklærar-utdanning på
universitetsnivå eksistere ikkje i det indiske utdanningssystemet. Utvikling av
musikklærarutdanning har dermed vore avgjerande i prosjektet. Som eit resultat
frå samarbeidet er det no godt opp mot 30 000 ungar som får
musikkopplæring som ein del av skulegangen sin.
Brit Ågot
vil dele frå sine erfaringar og opplevingar i møte med den indiske kulturen, i
møte med ein ukjend musikkultur, og ikkje minst i møte med eit ukjent og
annleis utdanningssystem.