En mann foran et minnesmerke ved ei kirke, der det er lagt ned en krans. To unge gutter står ved minnesmerket og holder hvert sitt norske flagg.
Ordførar Hugo Pedersen la på krans ved «soldatbautaen» ved Todalen kyrkje.

Feiring av Frigjerings- og veterandagen i gråvêr i Todalen

Torsdag 8. mai vart Frigjerings- og veterandagen markert i Surnadal kommune og resten av landet. I år er det 80 år sidan dei tyske militære styrkane kapitulerte fullstendig, og andre verdskrig var slutt i Europa. Vêret var grått, men det var opphaldsvêr under sjølve markeringa.

Publisert

I Surnadal kommune hadde historielaga i Todalen, Stangvik og Bøfjorden, saman med Nordmøre Forsvarsforening og kommunen, i år gått saman og laga eit fint program for 80-årsmarkeringa.

Tre falne frå Surnadal kommune

Årets markering var lagt til kyrkjene i Åsskard, Stangvik og Todalen, da det ved desse kyrkjene er reist bautaer der dei tre frå Surnadal kommune som fall under felttoget i Norge våren 1945 blir heidra.

Flere mennesker i et kirkerom.
Konfirmantane Trygve Aleksander og Jens Sancho tente tre lys til minne om dei tre falne frå Surnadal kommune.

Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden og Halvor Røen frå Kvanne fall under kampane i Gratangen, medan Anton Husby, som var fødd i Todalen og vaks opp på Surnadalsøra, vart med panserskipet Norge ned, da dette vart torpedert på Narvik havn 9. april 1940.

Mange var med på markeringa

Magne kom for å vere med på markeringa av Frigjerings- og veterandagen i Todalen, ei markering som tok til med kaffe og mat inne i kyrkja. Dei to som skal konfirmerast i Todalen kyrkje på laurdag, Trygve Aleksander Halle og Jens Sancho H. Ansnes, tente tre lys for å minnast dei tre som ikkje kom heimatt til sine etter felttoget våren 1940.

En mann som står og taler ved et minnesmerke. To unge gutter holder hvert sitt norske flagg.
Leiar i Todalen historielag, John Moe, las opp namna på dei tjue frå Todalen som under felttoget våren 1940.

Da markeringa fortsette utomhus ved soldatbautaen utanfor kyrkje, starta John Moe frå Todalen historielag med å lese namna på alle dei tjue frå Todalen som deltok i felttoget våren 1940, der altså Anton Husby fall, og ikkje kom heimatt. Dei to konfirmantane var flaggbærarar under markeringa utomhus.

En mann som taler ved ei kirke og et minnesmerke.
Bernt G. Bøe las diktet «Ingen Lit de Parade».

Bernt G. Bøe overtok stafettpinnen og spela først Fedrelandssalmen, medan dei frammøtte song. Etterpå las han diktet «Ingen Lit de Parade» , som Ivar Solem skreiv «Til minne om de som ofret livet i kampen for Norge, og i første rekke Gunnar Bøe».

En soldat som taler, og to unge gutter som står og holder hvert sitt norske flagg ved et minnesmerke.
Områdesersjant i Nordmøre heimevernsområde Harald Moen heidra dei falne.

Områdesersjant Harald Moen i Nordmøre heimevernsområde heidra dei som var med i felttoget våren 1940, alle norske soldatar som var med og kjempa på alliert side 1940 – 45, og alle dei over eitt hundre tusen norske soldatane som har delteke i fredsbevarande styrker opp gjennom åra.

Ordføraren la ned krans

Ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen, minna oss om kor viktig det er å ta vare på demokratiet, og at dette ikkje kjem av seg sjølv. Av jordas befolkning, så er det knapt tretti prosent som bor i eit demokratisk land, la han til.

Ordføraren sa at den 8. mai 1945 måtte ha vore ein stor dag og spesiell dag for alle som fekk oppleve den, både i Norge og resten av Europa, etter meir enn fem år med krig og terror.

Pedersen retta også ein stor takk til historielaga og forsvarsforeninga for eit fint og verdig program for årets markering av Frigjerings- og veterandagen.

Markeringa vart avslutta med «Ja vi elskar», akkompagnert av Bernt G. Bøe.

Powered by Labrador CMS