Rindal IL tok i mot Hitra til første hjemmekamp på Rinnvollen torsdag.

Poengdeling på «nye» Rinnvollen

Heimelaget Rindal tok torsdag kveld imot Hitra i årets første kamp på Rinnvollen på ei, etter årstiden, god grasmatte. Sjølv om det var surt vèr, med regn i lufta, blei det temperatur ute på matta, med sklitaklingar og tøffe duellar.

Publisert Sist oppdatert

Det vart ein tøff kamp på Rinnvollen, då gjestane frå Hitra viste musklar allereie frå start og la eit visst press på heimelaget og skapte nokre halvsjansar. Heimelaget kom meir med utover omgangen og hadde to-tre feite sjansar ved Daniel Eide Hagen, som burde gjeve utteljing,men ballen ville ikkje i mål. I staden var det gjestane som gjekk opp i leiing rett før pause, noko som ikkje var heilt ufortent . Laga gjekk dermed til pause på stillinga 0-1 til gjestane.

Daniel Hagen Eide alene med keeper, men mål ble det ikke

Heimelaget tok meir tak i kampen, og hadde spelemessig overtak frå starten av, men utan å skape dei heilt store sjansane. Men etter 67 minuttar kom kampens høgdepunkt; Martin B.Fjerstad fekk ballen på hjørnet av sekstenmeteren og brente laus med venstre-slegga og ballen klistra seg heilt oppe i krysset! Trur dette kan visa seg å bli årets mål! Kanon-kule! 1-1!

Stor sjanse til Rindal IL

Hitra ga seg imidlertid ikkje og kjempa seg tilbake i kampen, og i det 83. minutt klarte dei å setje nok ein ball bak Anders Grytbakk til 1-2. Det såg svart ut for heimelaget og det låg an til at det skulle bli nok eit tap. Men Martin Bolme Fjerstad ville det annleis og på overtid sørga han for poengdeling på Rinnvollen. Alt i alt eit fair sluttresultat i ein underhaldande kamp med tøffe duellar og høg temperatur.

"Nye" Rinnvollen
Sigrun og Berit i kiosken serverte godbiter til de fremøtte.

Neste heimekamp på Rinnvollen, er 25.mai mot Nardo 2.

Heimelaget stilte med følgjande lag:

Anders Grytbakk,Jørgen Gjerstad,Sondre Aune, Edvard Bolme Fjerstad, Torstein Heggem, Geir Bævre, Martin Bolme Fjerstad, Peder Melien Ree, Mikkel Bakken, Sondre Næss Bolme, Daniel Hagen Eide

Benyttede innbyttere:

Steinar Gjeldnes, Vegard Mogset, Ola M. Aarnes, Even Bakken

Powered by Labrador CMS