Ei dame og en mann oppstilt for fotografering.
Jenny Klinge og Geir Inge Lien representerer Senterpartiet i Møre og Romsdal på Stortinget.

Uanstendig lågt tilbod til landbruket frå Ap

Geir Inge Lien og Jenny Klinge, stortingsrepresentantar for Senterpartiet i Møre og Romsdal, reagerer sterkt på Ap sitt tilbod til jordbruket.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er svært skuffa over tilbodet Arbeiderpartiet kjem med i årets jordbruksoppgjer, og skjønnar godt reaksjonen til Bonde-og Småbrukarlaget og Bondelaget som i dag omtalar tilbodet som eit sjokk. Det viser godt at Senterpartiet har gått ut av regjering, og at fokus på matberedskapen ikkje har nådd fram i Arbeiderpartiet, sier stortingsrepresentant Geir Inge Lien frå Senterpartiet.

Partikollega Jenny Klinge er einig. 

– Senterpartiet har stått på dei siste tre åra for at bøndene skal få inntekta opp på eit anstendig nivå. Eg veit at mange bønder har merka seg at Senterpartiet, medan vi var i regjering, klarte å sørge for at regjeringa tetta store delar av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Det klarte vi raskare enn lova, men det denne tettinga må no fullførast. Bøndene og deira organisasjonar ser no tydeleg at inntektsgapet heller ligg an til å auke igjen utifrå nivået på det tilbodet som Ap har lagt fram, seier Klinge, som sit i næringskomiteen på Stortinget for Sp. 

No håpar ho for bøndenes del at det er stort rom for forhandling. 

– Men tilbodet til bøndene kan faktisk kallast uanstendig lågt sett i forhold til at Ap jo har likt å ta mykje av æra for satsinga på landbruket dei siste åra. No som Senterpartiet er ute av regjering, er landbruket og norsk matproduksjon plutseleg ikkje så viktig for Ap lenger, seier Klinge. 

 

Powered by Labrador CMS