Kommunestyremøte i Surnadal

En mann på en talerstol foran en forsamling.
Ordførar Hugo Pedersen sa mellom anna nokre ord om frigjeringsjubileet og veterandagen.

Engasjert debatt om kommune­økonomien, og om motorferdsel i utmark

Torsdag 8. mai, på frigjeringsdagen, var det kommunestyremøte i Surnadal. Ikkje uventa var det særleg to saker på agendaen som skapte debatt; kommuneøkonomi og reglar for motorferdsel i utmark.

Ordfører Hugo Pedersen markerte frigjeringsjubileet og veterandagen i si orientering i kommunestyremøtet. Han sa nokre ord om frigjeringa og demokrati, og heidra veteranene. Seinare på dagen skulle han delta på ei markering for å heidre de tre falne soldatene frå Surnadal i andre verdskrigen, ved dei tre kyrkjene der dei tre soldatane høyrde til; Todalen kyrkje, Stangvik kyrkje og Åsskard kyrkje. Ordføraren nevnte også at kommunen har ei veteranplan og ein veterankontakt. Han viste til omtale av markeringa på Surnadal kommune si heimeside, der det mellom anna ligg ein link til VG, med oversikt med bilde av dei falne i krigen i Noreg. 

Saksdokumenta til kommunestyremøtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside.

En mann på en talerstol foran en forsamling.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande.

Økonomisk situasjon og innsparingstiltak

Kommunedirektør Lars Inge Kvande la fram månadsrapporten for mars for kommunestyret, og han gjekk gjennom tiltakslista og status på arbeidet med dei ulike tiltaka, slik han også gjorde i formannskapsmøtet i slutten av april.

Den økonomiske orienteringa vart fulgt opp med ei sak som vart kalla "Økonomisk situasjon - tiltak med vidare knytt til delar av Kommunestyret sitt vedtak den 03.04.2025". Formannskapet behandla denne saka på sitt møte i april.

Formannskapet sin innstilling i saka var slik:

1. Kommunestyret tek vedlagte saksnotat til etterretning. 

2. Kommunestyret tek til etterretning at saksnotatet ikkje er ei revidert økonomiplan eller eit nytt budsjett med dei formelle krave desse dokumenta har på seg i mellom anna kommunelova. Saksnotatet har i så måte ingen juridisk binding for kommunen, men saksnotatet bekreftar dei prosessane som Kommunestyret i andre vedtak har beslutta og elles svarar ut det Kommunestyret i sak 11/25, punkt 7. har etterspurt. 

3. Det vises til den oppdaterte tiltakslista og punkt 14. Det vert ikkje gått vidare med ei vurdering av å evt midlertidig stenge senger på sjukeheimen før tidlegast når vi veit meir knytt til den reelle kostnaden knytt til eventuell bygging av nytt Helsehus. Om det då vert aktuelt med ei ny vurdering av punkt 14. i tiltakslista så vert dette teke opp som ei eiga ny sak.

Fleire av kommunestyrerepresentantane gjekk på talarstolen for å seie si meining i denne saka. 

Ole Joar Karlstad Bruset (H) la fram både eit endringsforslag og eit tilleggsforslag frå ein samla opposisjon. I endringsforslaget ligg eit krav om ei revidert økonomiplan til kommunestyremøtet i juni. Det står også at summen av revidert budsjett og tiltaksplan skal vise ei økonomiplan som held kommunen unna ROBEK. I tilleggsforslaget ber dei mellom anna om oversikt over årsverk pr eining, samanlikna med budsjettet og med året før. For nærare detaljer om forslag og vedtak viser vi til saksdokumenta og protokoll på Surnadal kommune si heimeside, og KommuneTV.

Varaordførar Annett Ranes (Ap) heldt eit innlegg der ho ramsa opp ei rekkje tiltak som administrasjonen allereie har gjennomført eller begynt å jobbe med, etter vedtak frå kommunestyret. Ho ba kommunestyre­representantane om å ta dette inn over seg. Det meste av dette sa ho også på siste formannskapsmøte, og lista over tiltak som er igangsett og/eller gjennomført er lang.

– Eg ønskar meg gode utgreiingar, og at vi fattar vedtak på fakta og heilheitsvurderingar. Og eg ønsker at administrasjonen får god tid på prosessar, men vi må óg får fortgang i tiltak som fører oss i rett retning, og det er den balansegangen eg er ute etter no. No meiner eg at kommunedirektøren har svart ut at det vil kome med tertialrapporten, og at han ikkje rekk det før det, sa Ranes.

Ordførar Hugo Pedersen var óg oppe på talarstolen, og han støtta innlegget til Ranes.

– Det er ikkje slik at kommunedirektøren har ei eiga utredningsavdeling. No må vi slutte å utrede og utrede, og la administrasjonen få jobbe med dei omstillings­prosessane som er i gang, sa han.

Ordføraren sa at han  var imot forslaga som opposisjonen la fram i møtet, og at han meinte at kommunestyret kunne forverre den økonomiske situasjonen ved å gjere enda fleire krevande vedtak no. Det kan vere direkte uansvarleg i denne situasjonen å ikkje la kommunedirektøren og staben hans få ro til å gjere jobben sin, meinte han.

Trond Håskjold (H) tok ordet og påpeika at kravet om revidert budsjett ikkje berre er eit krav som blir lagt fram av opposisjonen, men at det faktisk står i kommunelova, at busjettet skal regulerast.

Ole Joar Karlstad Bruset (H) presiserte at forslaga som opposisjonen la fram i saka, har som mål å få fram mest muleg informasjon så tidleg som mogleg, for å få ein omstillingsprosess som er så kort som muleg. Det vil spare ansatte for stress på sikt, sa han. 

Kommunedirektøren informerte om at det uansett kjem ei budsjettreguleringssak saman med tertialrapporten i juni-møtet.

Bruset repliserte at det som ligg i forslaget som opposisjonen har lagt fram er noko anna enn det som kjem i juni-møtet. For det som kjem i samband med tertialrapporten gjeld mest for inneverande år, men det opposisjonen no etterspør er mest ei oppdatert tiltaksplan som gjeld for 3-4 år framover.

Endringsforslaget frå opposisjonen vart sett opp mot formannskapet si innstilling,  og fall med 12 røyster mot 15. Det var altså formannskapet si innstilling som vart vedteke.

Tilleggsforslaget frå opposisjonen vart vedteke med 20 røyster mot 7.

Mange personer i et møterom.

Retningsliner for motorferdsel i utmark

Saka om retningsliner for motorferdsel i utmark kom opp att i kommunestyret i dette møtet. Etter ein interpellasjon i kommunestyret i mars 2024 vart det vedteke at retningslinjene skulle reviderast tidlegare enn planlagt:

«Kommunestyret ber administrasjonen i løpet av 2025 starte arbeidet med å revidere retningslinjene for motorferdsel utmark i Surnadal kommune med sikte på endeleg vedtak før vintersesongen 2026.»

I vedtaket står det ikkje noko om korleis retningslinjene skal endrast, men under debatten handla diskusjonen om at målet var uavgrensa med turar for å transportere bagasje til hytta. 

Saka har vore oppe i HTU, og ho har vore ute på høyring. Det har vore stort engasjement rundt, og stor interesse for, revideringa. Det kom inn 47 uttaler. Ein stor del av desse er frå hyttebrukarar. Nokre uttaler er underskrivne av fleire personar. Dei fleste som har sendt inn svar på høyringa ønsker ubegrensa antal turar for transport av bagasje til hytta med snøskuter. 

Kommunedirektøren innstilte i saka på å opne for 15 turar pr sesong med transport av bagasje til hytte som ikkje ligg ved brøyta bilveg. 

I saksframlegget understrekar kommunedirektøren at dersom kommunestyret går inn for uavgrensa med turar, da er det ei vesentleg endring, og saka må sendast ut på ei ny høyring før endeleg vedtak.

Fleire representantar var oppe på talarstolen for å seie si meining i saka. Det var gode argument både for uavgrensa antal turar, og for å begrense det til 15 turar i året. 

Ei dame på en talerstol foran en forsamling.
Mona Rita Brøske Rønning.

Mona Rita Brøske Rønning (Sp) la fram eit forslag om at saka blir lagt ut på høyring på nytt, med endring til fritt antal turar, endring frå køyrebok til køyrebevis, og endring i køyretidene.

Senterpartiet sitt forslag vart vedteke med 15 røyster mot 12. Saka blir dermed sendt ut på høyring på nytt.

Powered by Labrador CMS