Flere personer som sitter ved hvert sitt bord på et møte.

Endrar leiarstrukturen i kommunen

I formannskapsmøtet i Surnadal tysdag orienterte kommunedirektør Lars Inge Kvande om den nye leiarstrukturen i kommunen. Fleire kommunale einingar skal slås saman, og det blir færre einingsleiarar. 

Publisert Sist oppdatert

Det er no beslutta at kultureininga og kulturskulen skal slåast saman til ei eining. De tre oppvekstsentra Mo, Bøfjorden/Bæverfjord og Todalen/Stangvik skal slåast saman, og ha ein felles einingsleiar. Det same med dei to sentrumsbarnehagane Midtigrenda og Øye/Solbakken. På kommunalsjefnivået blir det óg ein reduksjon frå to til éin leiar. Den nye stillinga blir kommunalsjef Livsløp, og her ligg ansvaret for dagenes einingar Oppvekst og Helse og omsorg.

Dagens eining Vaksenopplæring og integrering blir splitta opp. Vaksenopplæringa bli lagt inn under SUBUS, og integrering blir lagt inn under Helse og familie, med ein eigen operativ fag-/teamleiar.

Den samla effekten av dette er ein reduksjon på 4,5 årsverk. Ti personar, som i dag har stilling som einingsleiar/kommunalsjef, er berørt, og det har vore gjennomført møter med desse, og med tillitsvalde, sa kommunedirektøren. Ingen andre tilsette i kommunen er berørt av endringane i leiarstrukturen. Dei ti berørte einingsleiarane får høve til å melde interesse for den av dei nye einingsleiar-/kommunalsjef-stillingene som kan vere aktuell for den enkelte.

I denne tilsetjingsprosessen brukar kommunen rekrutteringsbyrået Mindmap for totalvurdering av kompetanse i den interne rekrutteringsprosessen. Kommunedirektøren sa at denne prosessen blir i tråd med det omfattende regelverket som kommunen har å forhalde seg til i slike saker. Kvande la ikkje skjul på at prosessen blir krevjande, med tanke på dei som blir overtalige i høve til dei stillingane dei har i dag.

Sjå orienteringa under "økonomisk status" på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS