Heimbygdlaget
Heimbygdlaget har medlemmer både i Surnadal og Rindal.
Laget vil arbeide for å halde ved like det verdifulle i bygdekulturen ved å auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så han kan bli ført vidare inn i framtidssamfunnet.
Difor vil laget:
– drive studie- og opplysningsarbeid
– samle verdifulle folkeminne og føre arbeidet med lokalhistoria vidare
– ta vare på bygdemålet i ord og uttrykk gjennom innsamlingsarbeid og bruk
– berge stadnamna frå å gå i glømmeboka
– samle folkemusikk og gjera han tilgjengeleg både lokalt og nasjonalt
Talemålet er det viktigaste uttrykksmiddelet vårt. Vi talar tryggast og naturlegast når vi brukar dialekta vår. Det gjeld både heime, i skule og yrke og i offentleg liv. Når vi held dialekta vår i hevd, styrkjer vi sjølvkjensla og vørdnaden for heimbygda vår.
Nynorsk er den skriftlege samnemnaren for dei norske dialektene. Nynorsk høver godt som skriftmål for oss som bur i Surnadal og Rindal. Å styrkje dialekta og styrkje stillinga til nynorsken er to sider av same sak. Difor er Surnadal Heimbygdlag tilslutta Noregs Mållag og Nordmøre Mållag.
Aktuelle lenkjer:
Noregs Mållag Heim - Noregs Mållag (nm.no)
Nordmøre Mållag Nordmøre Mållag (nordmoremallag.com)
Kontaktpersonar i 2026:
| Gerd I.Kvendset, leiar | Tlf. 975 24 574 | g.i.kvendset@gmail.com | |
| Svein Sæter, nestleiar | Tlf. 478 47 017 | svein@blomsterhaug.no | |
| Leif Roar Bævre, skrivar | Tlf. 471 71 594 | bavrelb@outlook.com | |
| Eirik Endresson Klinge | |||
| Jorid Aarvåg, varamedlem | |||
| Tove Gåsvand, varanedlem | |||
| Reidun Halle, revisor | |||
| Randi Sogge, revisor |