Trygve Roaldset i Surnadal Heimbygdlag (f.v.), Øyvind Holte og Styrkår Brørs i Jubileumsgjengen er klare for "Heittgjort" i både bok- og revyform i november.

– Det blir ei mimre­forestilling - til gagns

For ein snau månad sidan, vart det gjort kjent at lokal revy- og teaterhistorie skal heidrast gjennom både bok og revy med namn «Heittgjort». No er det klart at Surnadal Heimbygdlag er med på laget.

Publisert Sist oppdatert

19. og 20. november skal det arrangerast revy med nummer frå 55 år med lokal teaterhistorie, og samtidig vert det lansert jubileumsbok.

Den har fått namnet «Heittgjort – Revy- og teaterminne frå Surnadal BU og Svarrabærje frå 1965-2020».

Surnadal Heimbygdlag tek på seg å gje ut boka, medan Svein Sæter og Anita Land i Blomsterhaug Forlag står for det redaksjonelle, med både tekst og bilete. Heimbygdlaget tek og jobben med alt som har med sal og distribusjon av boka å gjere.

Øyvind Holte, som saman med Styrkår Brørs er ein av initiativtakarane til «Heittgjort»-prosjektet, fortel at det ikkje ligg nokon dramatikk i at Svarrabærje Teaterlag ikkje er med på arrangørsida. Dei er i gang med ein eigen revy, som skal ha premiere i mars neste år.

Innhaldsrik revy med historisk sus

Og medan Surnadal Heimbygdlag tek over ansvaret rundt bokutgjevinga, skal ei rekkje lokale revyveteranar, med Holte og Brørs i spissen, no lage «Heittgjort»-revy på dugnad.

– Vi kallar oss «Jubileumsgjengen». Vi må lege inn musikk, lyd, lys og liknande, men alle aktørar jobbar på dugnad. Målet er at vi skal klare å gå i null til slutt, seier Holte, og fortsett:

– Det blir ei mimreforestilling – til gagns, med rundt 20 nummer, heilt frå starten og fram til og med Svarrabærje-tida. Stort sett alle aktørar, i overkant av 10, er allereie på plass. Fleire av dei kjem frå andre plassar i landet for å bli med på denne revyen, og mange gjer opp att nummera dei har vore med på før.

Det vil og bli vist nummer på lerret, der det ikkje let seg gjere å gjenskape dei, fortel Holte, som legg til at dugnadsgjengen bak prosjektet er på jakt etter sponsorar, som kan bidra til å dekkje kostnader med blant anna produksjon av program.

Glade for å kunne bidra

I pausen mellom første og andre akt av jubileumsrevyen vert det sal av den rykande ferske boka, ført i pennen av Styrkår Brørs.

– Då vil det vel og vanke nokre gamle teaterfolk her, slik at folk kan få bøkene sine signerte, ler leiar Trygve Roaldset i Surnadal Heimbygdlag.

Han er glad for at heimbygdlaget kan bidra inn i prosjektet.

– Det passar oss i Surnadal Heimbygdlag godt å vere med på noko slikt. Vi er ein godt eigna organisasjon til å ta risikoen ved bokutgjevinga, og har erfaring med både lagerføring og distribusjon av bøker.

Roaldset håpar folk kjøper boka, og forsikrar om at eit eventuelt overskot vil komme sambygdingane til gode.

– Surnadal Heimbygdlag er ein kulturinkubator, så dersom det blir ei inntekt og eit overskot av dette, vil pengane komme kulturlivet i Surnadal til gode.

Styrkår Brørs er glad for at «Jubileumsgjengen» har fått heimbygdlaget med på laget.

– Det er ein organisasjon, som har fungert godt i lang tid, seier han.

Billettsalet til revyen «Heittgjort» er allereie i gang. Grunna koronarestriksjonar, vert det ikkje lagt ut full sal frå start av. Per no er om lag 230 billettar gjort tilgjengelege.

Billettar kan kjøpast på Surnadal kulturhus eller på kulturhuset sine heimesider.

Powered by Labrador CMS