Svein Sæter (f.v.), Camilla Hyttebakk, Øyvind Holte og Styrkår Brørs er klare med bok og revy, som saman oppsummerer revy- og teaterhistoria i Surnadal sidan 1965.

Heidrar lokal teaterhistorie med bok og revy

Heilt sidan 1965 har det vore tradisjon for amatørteater i Surnadal; først gjennom Surnadal Bygdeungdomslag og sidan 1998 i Svarrabærje Teaterlag. I november blir det både bok og revy, der det beste frå den rike, lokale revyhistoria vert henta fram i lyset.

Publisert

Då ei rekkje sentrale personar med lang fartstid i Surnadal sitt revy- og teatermiljø snakka saman om alt dei hadde av avisutklipp og bilete frå 55 år med førestillingar, kom dei til at dei hadde to alternativ.

Det eine var å stuke alt i kassar og sette dei på eit lager, det andre var å samle stoffet og lage bok av det. Øyvind Holte, Styrkår Brørs, Holger Skei, Johnnse Sættem & co valte det siste, og bok blir det:

I november gjev Svarrabærje Teaterlag ut «Heittgjort – Revy- og teaterminne frå Surnadal BU og Svarrabærje frå 1965-2020».

Styrkår Brørs takka ja til å ta på seg jobben med å skrive, medan Ragnhild Mogstad og Inge Solheim har gjort ein stor jobb med å skanne og redigere bilete. Også Marny Magnussen var sentral i bokprosjektet før ho gjekk bort i februar i år, fortel Øyvind Holte.

Anslår 60 000 selde billettar

Bokprosjektet er no komme så langt at teksten er ferdig, så no er det å velje ut kva bilete som skal med, som står att. Etter 55 år med revy og teater har initiativtakarane fleire tusen bilete å velje mellom.

– Vi ser for oss at det kanskje blir med rundt 200 bilete i boka. Når vi veit det er snakk om rundt 50 arrangerte førestillingar, seier det seg sjølv at det må prioriterast hardt. Det blir ei vanskeleg utveljing, seier Øyvind Holte.

Det å velje ut stoff, har og vore vanskeleg i skriveprosessen, seier forfattar Styrkår Brørs.

– Det er eit stort prosjekt, med kolossalt med stoff. Det er manuskript, protokollar, avisinnslag, kritikkar og anna. Kontoret mitt vart bortimot fullt av papir, og kjerringa klaga, ler han, og fortsett:

– Men no er det gjort. Det som er komme på papiret er forholdsvis subjektivt, i og med at eg har måtta velje og vraka stoff heile vegen. Det er inga enkel øving. At mange nok blir skuffa fordi dei ikkje har vorte med nok i boka, er eg klar over. Nokon har kanskje fått nok, andre for lite.

Brørs trekkjer fram oppsettinga av Sommar i Tyrol i 1977. Der fekk teatergruppa med seg både koret Tordenskjold og eit symfoniorkester av dei beste musikarane på Nordmøre, under leiing av Henning Sommerro. Til saman var rundt 100 personar i sving under førestillinga, som til slutt vart sett opp heile 11 gonger.

Svein Sæter (f.v.), Styrkår Brørs, Øyvind Holte og Camilla Hyttebakk med plakatar frå ulike oppsettingar. Hyttebakk held ei skisse til bokomslaget til boka, som kjem i november.

– Det står i ein protokoll at vi selde 4000 billettar, men det er nok litt mykje. Det var nok heller 3000, seier Brørs.

Han har prøvd å rekne på kor mange billettar som er seld totalt, til dei om lag 50 førestillingane som er sett opp sidan oppstarten i 1965.

– Eg gjekk gjennom protokollane, og fann ut at vi har seld om lag 60 000 billettar til saman. Det er ti gonger Surnadal sitt innbyggjartal – det tykkjer eg er imponerande, seier Brørs, og fortsett:

– Så har vi vore sjølvfinansierande stort sett heile tida. Vi hadde som regel fulle hus heile vegen, og slik finansierte vi aktiviteten vår. Ein annan grunn til at økonomien har vore så bra, er at dei fleste som har vore med har jobba gratis.

I 2007 vart Sommar i Tyrol sett opp på nytt, med litt annan, meir moderne bakgrunn. Også denne gongen med kjempesuksess.

– Det har vore mange store oppsettingar, seier Øyvind Holte, og nemner mellom anna «Trost i taklampa», «My Fair Lady» og «Den Store Barnedåpen».

– Vi må og nemne at vi har hatt ein fenomenal gjeng med oss, som ikkje visast på scena. Sufflørar, scenemannskap og så vidare, seier Holte.

– Ein fest å lese

Det var Styrkår Brørs som i si tid tok initiativ til å starte amatørteatergruppe i Surnadal Bygdeungdomslag for 56 år sidan.

– Han har vore primus motor heile vegen, og har og gjort ein kjempejobb no, med boka. Det har og alle som har vore med på å samle inn stoff. Det er ein kreativ gjeng, på alle måtar, og det har komme fram mange gode minner, etter alt vi har drive med, seier Øyvind Holte.

Boka, som blir i A4-format og truleg på rundt 300 sider, vert gjeve ut på Blomsterhaug forlag, forlaget til Anita Land og Svein Sæter i Stangvika. Dei står for det redaksjonelle arbeidet med boka, medan det altså er Svarrabærje Teaterlag som står bak.

Svein Sæter er full av lovord om både boka og den imponerande aktiviteten, som har vore i revy- og teatermiljøet i Surnadal.

– Eg er av dei få privilegerte, som har fått lese manuset. Det er ein fest å lese, og det er ein ting som irriterer meg noko forferdeleg, og det er førestillingane eg har gått glipp av, seier han, og legg til:

– Det er med ein god del tekstar med i boka, og ein ser det med ein gong – at dei sprudlar av kreativitet og skaparglede. Det som er imponerande, er at ein, her i bygda, har klart å halde på dette i 55 år. Oppslutninga har alltid vore god, og når Styrkår seier at det er seld 60 000 billettar, er det i alle ikkje seld færre, smiler Sæter.

– Eg tykkjer Styrkår har lykkast så godt med å skrive boka med mykje humor. Den er god å lese, og du sitt og humrar litt heile tida. Det speglar den humoren, som har vore i teaterlaget opp gjennom, seier noverande leiar i Svarrabærje Teaterlag, Camilla Hyttebakk, til samtykkande nikk frå Holte og Sæter.

Svein Sæter trekkjer fram Jørgen Gravvold som den aller største av mange store, lokale revyforfattarar.

– Jørgen Gravvold er i ein særklasse, og det kjem fram i boka. Han kunne hevda seg på kva scene som helst i landet her. Dei gode tekstane er blant dei mange kvalitetane, som har gjort dette til ein kulturbærar i kommunen, for det er det i alle høgste grad, seier han.

– Ja, Jørgen var den som skreiv brodden, seier Øyvind Holte.

– Det at Jørgen var med oss heilt sidan 1976 var ein viktig grunn til at eg tok på å skrive manuskriptet til boka. Han har hatt så mykje å bidra med til oss, at han fortener at dette kjem ut, seier Styrkår Brørs.

Øyvind Holte med plakaten til "Jørgenkabaret".

Er godt i rute

Om ikkje lenge startar ein runde der Svarrabærje og gjengen bak boka skal ut til potensielle sponsorar, for å be om økonomisk støtte til boka.

– Så vil det bli høve for bedrifter, kommune og andre å førehandsbestille boka. Det gjer det enklare å rekne på opplaget, som vi ser for oss blir på rundt 1000 bøker. Det er ambisiøst med ei bok, som først og fremst er lokal, men den vil jo vere interessant for alle med band til Surnadal kommune, og for alle med interesse for amatørteater, seier Svein Sæter, som med glimt i auget legg til:

– Og når ein har seld 60 000 billettar, er jo 1000 bøker ingenting.

Han slår fast at arbeidet med boka er godt i rute til lansering i midten av november, og er klar på at dette er ei historisk viktig bok.

– Dette er bygdehistorie på brei front. Dei ulike førestillingane representerer samtida si, så ein får innblikk i lokalhistoria både gjennom dei og gjennom måten dei er omtala på i avisene, seier Sæter.

Lansering og revy med historisk sus

I tillegg til lansering av boka «Heittgjort – Revy- og teaterminne frå Surnadal BU og Svarrabærje frå 1965-2020», blir det og sett opp revy i Surnadal kulturhus.

Ifølgje leiar Camilla Hyttebakk i Svarrabærje Teaterlag, vil også denne truleg få namnet «Heittgjort», som kom etter forslag frå Styrkår Brørs.

Bakgrunnen for namnet er matretten «Heittgjort på stusse», som Øyvind Holte forklarar slik:

– Det var slik at dersom ein laga graut av bygg- eller havremjøl eine dagen, laga ein «Heittgjort på stusse» enten same kvelden eller dagen etter. Ein del av det som vart att av grauten vart lagt i dessertskål og slått oppi ilag med oppvarma mjølk. Så «heittgjort» kjem frå at det er oppvarma, medan «stussen» var klumpen med graut.

Brørs, Holte og Hyttebakk fortel at planen er at dei som kjem på revy og boklansering skal få ein gratis smaksprøve av denne grautretten, som eit lite PR-stunt.

– Det hadde vore veldig artig å få til, smiler Brørs.

Øyvind Holte fortel at det ikkje er første gong det vert sett opp revy med namnet «Heittgjort».

– Nei, i 1972 var Styrkår vekk på vidareutdanning, og då makta vi ikkje få i gang ein full revy. Difor sette vi opp ein del gamle nummer i ei førestilling med det namnet.

Camilla Hyttebakk og Styrkår Brørs.

Gamle og nye heltar med i revyen

Når det gjeld revyen no i november, får folk sjå nummer som har vore opp i ulike førestillingar opp igjennom.

– Folk får forhåpentlegvis sjå ein del gode, gamle heltar, både på og rundt scena, seier Hyttebakk.

I og med at ikkje alle er spurt endå, kan ho ikkje dele kven det er snakk om.

– Men vi har nokon, som har vore med heilt frå starten, som truleg blir å sjå på scena.

– Dette er eit eingongstilfelle, altså, smiler Øyvind Holte.

Revyen vil innehalde om lag 15 gamle nummer frå Surnadal BU-tida, medan Camilla Hyttebakk, Gøran Bolme og Ingebrigt Røen skal velje ut nummer frå Svarrabærje-tida.

– I tillegg må vi ha nokre nummer, som den noverande Svarrabærje-gjengen må få vere med på, er Holte og Brørs samde om.

– Ja, vi tenkjer å vise fram den rekrutteringa vi har hatt dei siste åra og. Vi har fått inn mange som er unge, men veldig flinke, som skal få moglegheita til å vise seg fram, seier Hyttebakk, som saman med resten av Svarrabærje får skryt frå veteranane Holte og Brørs:

– Leiinga i Svarrabærje har gjort ein kjempejobb med å føre teaterlaget vidare, seier dei to.

Styrkår Brørs og Øyvind Holte rosar måten Svarrabærje Teaterlag har vidareført revy- og teaterarven i Surnadal.
Powered by Labrador CMS