Indre Nordmøre Senioruniversitet
Deler mange historier bak både lokale og internasjonale juletradisjonar
Onsdag arrangerte Indre Nordmøre Senioruniversitet foredraget "Ømse om jula" av og med Bernt Bøe i kinosalen på Surnadal kulturhus. Her var det alt frå mjølkesuppe og lutefisk med smørform på kvit langduk, nordmørsk julesong skrive i fangeleir, tradisjon med juletre og julegåver, dombjelleklang og opphavet til julenissen, til tussar på Furuhaugen.
Bernt G. Bøe frå Bøfjorden Historielag forklarte kva fleire av symbola på primstaven betyr, og kvifor dei er avmerka. Dei omkring 40 oppmøtte fekk høyre om ulike skikkar og tradisjonar, historier og informasjon knytt til jula.
Førjulstid
Heftet "Gamle Nordmør" er årboka som Bøfjorden Historielag gir ut kvart år. Frå 2024-boka refererte foredragshaldaren til stoff i artikkelen "Året rundt - merkedagar og tradisjonar", der han med anna fortalte om nissen, Lucia og anna stoff som har med jula å gjera.
6. desember er det Nilsmesse. Den er markert på primstaven til minne om den gavmilde St. Nikolas som var biskop i Tyrkia på 300-talet. Bøe fortalte at Nikolas blei biskop som tenåring, og at minst 2000 kyrkjer er oppattkalla etter ham. Hans gavmildhet er det som ligg bak tradisjonen med julenissen. Nils og Nisse er former av Nikolas.
Les meir om Nilsmesse og da "Biskopen vart nisse" i Bøe sin ferske artikkel her.
Sankta Lucia levde same tid som St. Nikolas, i Sicilia. Foredragshaldaren fortalte at det var forbode å bekjenne seg til kristentrua, og at ho blei martyr og teke livet av 20 år gamal.
Vidare fekk dei oppmøtte høyre om Lussi langnatt (natt til Luciadagen 13. desember), om Tomasmesse 21. desember (da juleølet skulle bryggast) og om Sjursmessdagen (lille juleaften).
Les gjerne om årets "Gamle Nordmør" i denne lenka.
Juletradisjonar
Så blei det lesing av ei tekst skrive av Leif Halse om juletradisjonar og korleis det var i juletider i Todalen i gamle dagar.
Her var det nevnt både å fylle opp vedaskottet til jul, nyårsbukken og Trettenbekren (Trettenværen), vasking til jul, venting på julegeita, kornband, kvit langduk, tekstlesing, og å spenne revekrok.
Juletre
Bøe kunne fortelje at tradisjonen med juletre allereie har sin start frå 1500-1600-talet då dei pynta med tregreiner, og at det ikkje var før på 1800-talet det var vanleg å ha juletreet innanhus blant hvermannsen. Her i landet blei det vanleg for omkring hundre år sidan.
Juletreet er ein utbreidd tradisjon.
-50 millioner juletre er i bruk kvart år i Europa, seier Bøe, og fortel at kvart år blir det sendt eit norsk juletre til London som står på Trafalgar Square, ein tradisjon frå 1947 som eit takk frå Noreg til engelskmennene for hjelpa dei gav oss under krigen.
Lokale tonar og vakker song
I gamle dagar gjorde gjerne folk rundt i bygdene om melodiar slik at dei vart litt meir "sine eigne". Dette kunne gjerast av bevisst vilje og evne til å endre tonane, men melodien kunne også bli endra fordi folk gløymte korleis melodien gjekk, og bruka den slik dei trudde den var.
Bøe siterte Henning Sommerro humoristisk:
-Det er dårleg hukommelse som gjer at vi har så mange folketonar.
"Juleverset" - eller "Et lite barn så lystelig" - har mange lokale melodivariantar. Bøe fortel at den som Edvard Bræin har gitt ut og som vi kan finne i salmeboka, er ei blanding av mange, og at Bræin fikk den første utforminga hjå Brit Heggset i Surnadal, og at han fekk tre andre frå Stangvik. Onsdag bruka Karen Oddny Husby Gravvold ein melodi frå Åsbøen ved Nordvik.
Gravvold song både denne songen, og seinare i foredraget "Nyttårsverset", også kalla "Nyårsverset". Der song ho ein variant som ho hadde lært av lærar og spelemann John Røen.
På eventyrvis
Dei oppmøtte fekk høyre om overtru og underjordiske vesener. Bøe fortalte at rundt år 1920 samla Edvard Langset frå Straumsnes mangt tradisjonsstoff som lokale eventyr og sagn, som ein kan finne i folkeminnesamlinga "På eventyrvis" som Bøfjorden Historielag har gjeve ut.
Foredragshaldaren las deretter utdrag frå dette heftet, som om tussar på Furuhaugen, om julegeita som Hans Hyldbakk har notert etter Brit Honnstad, og ei forteljing om Erk frå Heggem i Bøfjorden med spesielle evner, slik Edvard Langset har fått den fortalt av Ingeborg frå Arnøra i Bøfjorden.
Les gjerne meir om "På eventyrvis" i denne lenka.
Nyåret
I forbindelse med inngangen til det nye året, var det viktig å sette ein sopelime ved døra så dei underjordinske, onde vetter ikkje skulle tore å komme inn. Bøfjordingen undrar på om vi har nyttårsfeiring med rakettar for å lage smellar som kan minne om Tor som slår med hammaren Mjølner.
Det var viktig at det nye året skulle bli eit fredeleg, gledeleg og fruktbart år, og det var ulike ting man kunne bite seg merke til. Det kunne vere at om man såg mange stjerner nyttårskvelden, skulle det bli mykje molt det året. Eit anna var at det véret som var nyttårskvelden skulle man få tilbake på juli, og om man såg i vatnet så ville man sjå sin komande ektemake.
13. dag jul - 6. januar er ein merkedag til minne om dei tre vise menn som kom med gull, røkelse og myrra til Jesus-barnet. Dette er dagen då ørka/kvardagen starta på igjen for fullt.
20. dag jul - 13. januar - «Tjuande Knut jagar jula ut», er ei kjent regle. Mange ventar til 20. dag jul med å kaste ut jula.
Gripande slutt
Til slutt handla det om då Olav Grytli, som var rektor på Høgtun folkehøgskole, og Knut Kalset, som var lærar frå Bøfjorden, var fangar i fangeleiren på Grini.
Bøe fortel om da sonen til Grytli ville prøve å besøkje far sin, og dro sørover. Sonen fekk ikkje anledning til å kome inn til han, men fekk sjå han gjennom piggtrådgjerde. Då Grytli fekk sjå tenåringsguten sin blei han rørt og løfta handa opp for å vinke til han, men då blei han straks slått ned av ein soldat foran augo til sonen sin.
I 1944 skreiv Grytli ein julesong medan han var i fangeleiren. Kalset var musiker og spelemann, og satte toner til diktet på Grini. Bøe såg for seg at denne songen var sunge blant fangane med heimlengsel og med tankane på dei heime, og avslutta foredraget med å lese teksta for gjestane i kinosalen. Ei historie som set sterkt inntrykk.
Minnerikt
I foredraget hadde Bøe fått samla imponerande mange skikkar og tradisjonar i både nærområdet og ute i verda, samtidig som han har fått med mange ulike historier av forskjellig slag. Som vanleg meget interessant stoff og svært godt formidla av denne mannen.
Etter at bøfjordingen takka for seg, og før gjestane forflytta seg til foajéen kor dei fekk seg gratis kaffe og vaflar på "bakels"-lag, las leiar i Indre Nordmøre Senioruniversitet, Einar Oterholm, ei meget godt skrive tekst av Ellen Storvick, som er utflytta frå Halsa til Canada - «Den minnerikaste jula mi».
Oterholm var som Bøe svært god til å få fram teksta, ei tekst som tok oss med tilbake i tid. Det var godt skildra, og skrive med eit levande språk med humoristiske detaljar. Ei verdig avslutning på ein minnerik og godt bruka klokketime.
Indre Nordmøre Senioruniversitet pleier å arrangere foredrag ein gong i månaden. I tillegg til foredraga, bruker dei óg å arrangere til dømes turar kor dei får oppleve teater og musikk. Kan nemnast at dei årleg har vore på busstur til operaen i Kristiansund. Siste tur var no sist på november til Trondheim på musikalen RENT. Dei besøkjer òg bedrifter rundt om på Nordmøre, eksempelvis har dei vore på Smøla og neste år skal dei til Aure.
Laget har over 100 medlemmer. Foredraga er ope for alle i alle aldre. Her er både medlemmar og ikkje-medlemmar velkomne. Så lenge det er plass, er det óg ope for alle også på turane, men betalande medlemmar går først. Dette var siste foredraget i år, men dei har mykje spanande på programmet på nyåret.
Annonse:
Første foredraget etter jul, blir 21. januar kor Svein Sæter vil snakke om gullgraving i Amerika.
10. februar skal dei på Operafestuka å sjå Anne Pedersdotter av Edvard Bræin der Sigrid Vetleseter Bøe har hovudrolla.
Både Nordmøre Senioruniversitet og Bøfjorden Historielag er medlemmer av Trollheimsporten; les gjerne meir om dei ved å trykkje på lenka "Indre Nordmøre Senioruniversitet" og "Bøfjorden Historielag" nedst i saka.