Frå venstre Øyvind Holte, Trygve Roaldset, Styrkår Brørs og Svein Sæter

Teaterhistorie på scene og i bok

Surnadal Heimbygdlag gjev disse dagar ut boka Heittgjort. Det har vorte ei innaldsrik bok fylt med 55 års revy- og teaterhistorie, ført i pennen av Styrkår Brørs. Til helga presenterer Svarrabærje teaterlag revyen med same namn.

Publisert Sist oppdatert

-Dette er tung litteratur, smiler Brørs, og løftar den nesten kilostunge boka.

Og tung må den være, for her ligg det mykje historie mellom to permer. Surnadal Bygdeungdomslag, seinare Svarrabærje Teaterlag, har sidan 1965 sett opp nær 50 førestillingar, med smått og stort.

Kvar oppsetjing har fått sin plass i boka. I åra 1995 til -97 var det eit opphald, men då Svarrabærje teaterlag vart stifta i 1998, tok teaterlivet i Surnadal seg opp att, og etter det har dei teke att det tapte i full monn. Ved eit høve blei det sett opp fem framsyningar over to år, fortel forfattaren.

-Det er fascinerande kor stort spenn det er i oppsetjingane, seier Svein Sæter frå heimbygdslaget. Her er alt frå lokalrevyar til store teateroppsetjingar som involverer opp mot 100 mann.

Og det aller meste er gjort på dugnad, der mellom anna musikalske leiarar har teke på store førestillingar utan betaling.

Enkelte av framsyningane har òg vore ut av kommunen sine grenser. Aktørane fortel om då dei reiste ut i fleire kommunar med Sommer i Tyrol i 1977. Det vart 11 framsyningar med eit ensemble på 60.

Leiar i Surnadal Heimsbygdslag, Trygve Roaldset er glad for at laget har fått stå som utgjevar av boka.

-Vi er glade for tilliten som er blitt vist oss, seier han. Heimbygdslaget er slett ikkje noviser når det gjelde å bokutgjevingar. Dette er den 15. i talet.

Mange er nemt i boka, forfattaren sjølv trekkjer fram Brit Bierman, som var fast plakatillustratør og kostymesyarske i mange år. Ho har mellom anna teikna plakaten som er brukt som framside på boka.

Ei anna som òg skal nemnast er Marny Magnussen, mangeåring aktør i teatermiljøet.

-Då ho fekk høyre om planene om denne boka, rigte Marny til meg og sa at dette ville ho vere med på, fortel Øyvind Holte. Du held vel styr på oss du då, spurte Holte, og det lova ho å gjere. Men Marny skulle ikkje få bli med til endes. I februar i år døydde ho av kreft. Forfattar og medhjelparar legg ikkje skjul på at dei saknar henne, og vil takke for innsatsen ho har gjort.

Dei fleste framsyningane er godt dokumentert, og det har vore ein vanskeleg jobb å velge ut bilete, fortel Svein Sæter, som berømmer Øyvind Holte for å vere til stor hjelp under arbeidet med å skaffe bilete.

Heittgjort gonger 3

- Det har vore både plussar og minusar med å ha så tett tilknytning til stoffet, meiner forfattaren. Brørs har vore aktiv i laget i frå begynnelsen og har vore involvert i dei fleste av framsyningane, særleg revyane. Å finne rett perspektiv kan vere utfordrande. Mange kjenner til historia like godt som meg, og det kan vere at nokon er ueinige i vala eg har gjort.

-Eit minus er i alle fall at det er veldig lite skryt av Styrkår Brørs i boka, ler Svein Sæter. Styrkår er ein beskjeden mann, men måtte finne seg i at andre skreiv avsnittet om han i boka. Mellom anna om då han vann Peter Bergs innsatspris i 2007.

Sjølv meiner forfattaren at han har lagt vinn på å ikkje gi særlig skryt til nokon, men halde ein nøytral tone gjennom boka.

-Å bedømme resultata er det journalistar og andre som skal gjere. Eg fortel historia, og har òg hatt som mål å gi oppmerksemd til dei som har jobba bak scena. Det er lett at skodespelarane får mest oppmerksomheit, men dei fleste jobbar faktisk i kulissane, seier han.

-Det var eit voldsomt løft da Jørgen kom med i 1976, meiner Øyvind Holte. Jørgen Gravvold var eit oppkomme av tekstar. Han skreiv ikkje så mykje medan vi var samla. Produksjonen gjekk føre seg etter at han hadde kome heim. Det han gjorde var av høg kvalitet.

Fredag er det klart for premiere på revyen Heittgjort, med godbitar frå revyhistoria i bygda. Deretter blir det framsyning laurdag. Boka blir lansert same dagen, og sanneleg vil Bygdekvinnelaget servere heittgjort òg.

-Det blir trippel heittgjort, seier aktørane.

Boka blir å bli kjøpt ved framsyningane, på ARK i Alti og i enkelt andre butikkar i bygda.

Powered by Labrador CMS