Stabburskafé i Rindal

Mykje blomster på begge sidene av inngangstrappa til stabburet.
Pyntinga rundt trappa viser at her er du velkommen og at dei vil at du skal trivast! Berre hugs å bøye nakken når du går inn døra ...

"Mitt drømme-statussymbol var stabbur"

Laurdagar i juli er det i år eit nytt kafétilbud i Rindal. Midt i bygda, ved Fv65 i Bukta, ligg gardane Røen. Det er Oppistun og Nestun, slik det er fleire plassar. No er dei drivne av far og son Trønsdal. 

Publisert Sist oppdatert
Røs-gardane. Nestu låg først mellom vegen og Oppistu, altså nedafor Oppistu.
Gardane Røen i Bukta, Rindal sett frå Fv65. Nestun, lengst bak, var først mellom Oppistun og fylkesvegen, altså nedafor Oppistun. Gardsbakeriet Hæmstelt ligg ved Nestun å Røen, kaféen er i det raude stabburet til Oppistun.

Martin Trønsdal frå Nestun å Røen er utdanna kokk og har flytta heim med mål å ta over gard. Han bygde bakeri i Nestun og har brødutsalg frå Gardsbakeriet Hæmstelt kvar fredag.

I 2020 fekk han prisen "Årets Askeladd" frå Norges Bondelag og Landkreditt Bank.

Siste fredag var det 160 kundar innom utsalget.

Denne sommaren opna Martin kafé med salg av eigne produkt og litt fleire kortreiste produkt i det nyrestaurerte stabburet i Oppistun på laurdagar i juli. Stabburet har to etasjar og ein terasse ute.

Siste laurdag hadde han 60 kafégjestar.

Kafégjester under parasollen på terassen.
Nærast sitt Rita Meås, Jakob Sørensen og Vigdis Landstad og kosar seg under parasollen på terassen.

Eit anna spennande prosjekt er frysebua som er under oppføring ved fjøset i Nestun. Martin fortel at han her vil fryse ned det som blir til overs på salgsdagane.  Så blir det sjølvbetening og vippsbetaling for dei som vil handle når dei kjører forbi utanom opningstid.

Ein vinn-vinn-situasjon!

Vesle Mathis med mor Wiebke og far Anders.
Det er mesta 100 år sida gardfolk i Oppistun å Røa sist fødde barn. Her er Martin Trønsdal med vesle Mathis og sambuar Wiebke Bundel.

Martin Trønsdal eig Oppistun å Røen og bur der i lag med Wiebke Bundel og sonen Mathis. Mathis er den første som er fødd av gardfolka i Oppistun å Røa på mesta 100 år.

No håper dei at mange finn vegen til den nye kaféen og møtestaden, så får vi sjå korleis det blir med åpningstidene framover.

Kundar har parkert nedafor stabburet til Martin Trønsdal i Oppistun å Røen.
Kundane strømmer til stabburet til Martin Trønsdal i Oppistun å Røen, eller "lyserøen" som mange kallar garden.
Synnøve J. Røen, gardkjerring her i mange år, skreiv i lesarbrev til Dalane Tidende at hø drømte om stabbur. Det fekk ho, og no er det nyoppussa til kafé i to etasjar.
Mange godt vaksne kjenner Synnøve J. Røen som var gardkjerring i Oppistun å Røen i mange år. Ho var frå Hauge i Dalane og skreiv mange lesarbrev til Dalane Tidende. Drømmen om stabbur vart oppfylt, og no er stabburet pussa opp til kafé i to etasjar med fin uteavdeling i tillegg.
Kyrne på veg heim for mjølking.
Buskapen til Oppistun å Røen på veg heim for mjølking.
Avisuttklipp som fortel om korleis Synnøve tok konsekvensen av at ho tapte eit veddemål og måtte ete beksømstøvlane sine.
På veggen hadde også dette avisutklippet frå "Fylket" fått plass. Vanskeleg å lese, men det fortel om korleis Synnøve tok konsekvensen av at ho tapte eit veddemål og måtte ete opp beksømstøvlane sine.
Stabbursveggene var dekoret mellom anna av minner frå tidlegare tider på garden. Her ser vi Synnøve J. Røen med daddelpalmene som ho hadde i stua. Nedafor står premiekua Kvitsi, som i si tid var av dei beste mjølkekyrne i landet.

.

Martin viser fram bakervarene sine til Carina og Harald Fiske.
Her er det mange slags bakverk å velge i for Carina og Harald Fiske.
Kundar ved bordet i stabburet.
Kundane strømma til og studerte utvalget av bakverk.
Ny kunde får posen fylt med bakst.
Ny kunde får posen fylt opp av fersk bakst.
Donuts med saltkaramell.
Mektige donuts med salt karamell! Skikkeleg massasje for smakssansen!
Gullende gode vaniljeknuter!
Freistande gjærbakst!
Høttrindalingen Baard-Christian Schem nyt kaffe og bakst under parasollen på uteterassen ved Stabburet. Sidan han ventar gjestar, har han også kjøpt med seg ein pose med storbrød. Gardskatta låg forresten i ein nabostol og heldt han med selskap.
Fine møblar i stabburet.
Stabburet er fint møblert av gamle møblar. Stolane nærmast kjem frå Rindal Kro.
Gamle, stilige møblar i Annen Etage,
"Annen Etage" er stilig møblert, som resten av stabburet.
Martin i 'Annen Etage'.
Verten viste oss også den fint møblerte "Annen Etage" i stabburet. Flotte tømmervegger!

.

Powered by Labrador CMS