5 mennesker på rad
Utsendingane frå Surnadal og Sunndal. Frå venstre: Nils Ulvund, Astrid Sæter, Eivind Hasle, Leif Roar Bævre og Magnar Lervik.

«Spynorsk» eller «hjartespråk»?

Publisert Sist oppdatert

Nesten 200 personar var 19.-21.april samla i Trondheim på landsmøte for Noregs Mållag. 10 av desse kom frå Nordmøre. Landsmøtet var både ei kunnskapsoppdatering, ein verkstad for politikkutvikling, og ei inspirasjonskjelde for framtidsretta arbeid. Målrørsla er ein viktig og vital del av det norske folkestyret. Hyggeleg å sjå er det at oppslutninga om organisasjonen aukar, at medlemstalet er i vekst og no er rundt 16 0000. Og det er interessant å sjå at dei største mållaga blant ungdommen no er laga ved Bergen Katedralskole og Oslo Katedralskole. Kvar gong det er aksjonar mot «spynorsk», får mållaget mange nye medlemmar. Nobelprisen til Jon Fosse har sjølvsagt også verka positivt på interessa for nynorsk. Og forståinga for at dei nasjonale språka, og ikkje minst minoritetsspråka, treng spesielt vern. Det gjeld også det nynorske språket, slik det og er fastsett i mållova vår.

Og den kanskje mest interessante talen på landsmøtet vart halden av statsråd Oddmund Løkensgard Hoel, som i dag er historieprofessor i Sogndal, men er trønder og vart verva til målrørsla medan han var elev ved Adolf Øien videregående skole i Trondheim. Og det han tala mest om, var behovet for å styrke arbeidet for norsk fagspråk. Rundt 90 prosent av vitskapelege fagartiklar frå norske universitet og høgskolar er i dag skrive på engelsk, og mykje av undervisninga skjer på engelsk. Det er eit trugsmål mot norsk samfunns- og fagutvikling. Svært mange av dei som blir utdanna, skal ha yrkeskarrieren sin i Noreg, t.d. innanfor undervisning eller helse, og det er svært nødvendig å styrke norsk kompetanse innanfor dei ulike fagområda. Og ikkje minst utviklinga innanfor språkteknologi og kunstig intelligens aukar behovet for vern om dei nasjonale språka. Dette er ei utvikling som no skjer i mange land. Globaliseringa krev medvit og tiltak til beste for det nasjonale språket. Og Oddmund Hoel følte seg vel med å representere «nynorskmakta i regjeringa» og å kunne tiltale kongen med «Gode konge» i staden for «Deres majestet!»

Eivind Hasle
Surnadal Heimbygdlag

Mange mennesker på rad
Dei 10 utsendingane frå Nordmøre.
Powered by Labrador CMS