LESERINNLEGG:

Møre og Romsdal SP om formueskatt
Formuesskatten på arbeidande kapital slår hardt ut for bedriftseigarar i distrikta. Det er på høg tid å lette på trykket! Møre og Romsdal Senterparti vil fjerne denne skatten – for godt.
Geir Inge Lien, stortingsrepresentant for Sp, seier det rett ut:
– Formuesskatten er ei hemsko for norske eigarar. Vi må heller legge til rette for utvikling og arbeidsplassar, ikkje straffe dei som satsar i distrikta. Norske eigarar betaler skatt på maskiner, næringsbygg og aksjar – medan utanlandske eigarar slepp unna.
Det er verken rettferdig eller smart.
Vi foreslår:
- Full verdsettingsrabatt på næringsbygg og maskiner i utkantkommunar
- Høgare bunnfrådrag – gjerne tilpassa kor sentralt bedrifta ligg
Fylkesleiar Odd Helge Gangstad meiner Sp må ha eit klart og tydeleg bodskap før valet: Vi står på lag med dei som skapar verdiar i distrikta! Skal vi sikre arbeidsplassar og framtidstru i heile landet, må vi gjere det lettare å drive næring også utanfor dei store byane.
Vi treng fleire norske eigarar – ikkje færre.
Geir Inge Lien frå Møre og Romsdal Senterparti meiner formuesskatten på arbeidande kapital gjer det vanskelegare for norske eigarar å satse i distrikta. Han vil at partiet skal gå lenger enn det som står i partiprogrammet, og jobbar for å fjerne denne typen formuesskatt heilt. Lien peikar på at norske bedriftseigarar må betale skatt på alt frå maskiner til næringsbygg og aksjar, medan utanlandske eigarar slepp. Dette fører til at fleire norske verksemder blir kjøpte opp av utanlandske selskap, og han åtvarar mot at vi kan bli ein «fattigare og svakare nasjon» om vi ikkje snur utviklinga.
Saman med fylkesleiar Odd Helge Gangstad meiner Lien at Sp bør gå til val med eit klart bodskap om å lette skattebyrda for næringslivet i Distrikts-Norge. Dei vil ha høgare bunnfrådrag og store verdsettingsrabattar for bedrifter i mindre sentrale kommunar.