LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Rosverdig sparsemd?

Publisert

Johs. J. Vaag har i lokalpressa 8/10 eit innlegg om «Rettskafne folkevalde.» Eg trur Vaag har folk flest med seg i ønsket om at politikarane våre, på lokal- fylkes- og riksnivå er rettskafne, følgjer lover og reglar (som dei delvis sjølv har vedtatt), og ikkje legg seg til uvanar og lukseriøs ressursbruk. Jamt over fungerer det politiske systemet i Noreg godt, men dessverre har vi sett litt for mange «brodne kar» blant politikarar dei siste åra. Heilt til nyleg var det også lite vilje i dei fleste politiske partia til å gå gjennom regelverket og styrke kontrollordningane i nasjonalforsamlinga.

Men at det skal vere spesielt rosverdig at politiske fora ikkje har råd til å servere kaffe og rundstykke e.l. til dei folkevalde når dei er på møte på vegner av oss alle, og at dei må smøre nistepakke og ta med termos til møta t.d. i utdanningsutvalet eller teknisk utval, synest eg er nokså småleg. Det gir eit signal om at det arbeidet dei folkevalde gjer for oss alle og i demokratiets teneste, ikkje er mykje verd.

Hadde det vore slik at alle i samfunnet vårt hadde sett kva dei får igjen for skattepengane, og betalt den skatten dei skulle, og ikkje sett det som spesielt rosverdig å betale så lite skatt som mogleg, hadde nok Lillehammer kommune hatt pengar til å skifte lyspærer når gatelyset svikta (jf NRK-TV 7/10), og kommunane og fylket unngått diskusjon om dei mest smålege sparetiltaka. Men enkelte parti ser det jo som ønskeleg og rosverdig å privatisere det meste – også kaffeserveringa på kommunens utvalsmøte!

Eivind Hasle 6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS