LESERINNLEGG:
Eldreomsorg er og blir ei kjempeutfordring for Surnadal
Statistisk Sentralbyrå sine framskrivingstal viser stor auke av personar over 80 år i Surnadal i åra fram mot 2030. Auken, som for lengst har starta opp, er betydeleg større enn landsgjennomsnittet. Det er få kommunar i Møre og Romsdal som kan vise til større forventa vekst mellom dei eldste eldre. I ein slik situasjon bør ein vere særs varsam med å legge ned sjukeheimsplassar. For slike plassar trengs! Så avgjort! Med aukande alder blir det eit større innslag av demente mellom oss. Om lag 60-80 prosent av alle bebuarar ved våre sjukeheimar er demente. Dette seier sitt. Det er og begrensa kva ein kan vente av innsats frå pårørande til sterkt omsorgstrengande demente eldre. Blir oppgåva for krevjande kan dei pårørande slite seg fullstendig ut. Det er og all grunn til å tru at dei tilsette innan heimesjukepleia jamt over har ein svært krevjande kvardag.
Dei tilsette innan pleie- og omsorgstenestene i Surnadal utfører gjennomgåande ein framifrå jobb. Stor takk for innsatsen!
8. september 2015 underteikna ordføraren i Surnadal ein samarbeidsavtale mellom Surnadal kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen (Nff) om eit meir demensvennleg samfunn. Formålet med avtalen var å legge til rette for at Surnadal kommune skal arbeide for å bli meir demensvennleg, slik at menneske med demens kan møte forståing, respekt og støtte, ha mulighet til å vere inkludert og delta i nødvendige kvardagsaktivitetar, som å handle, bruke offentleg transport , delta i kulturaktivitetar og liknande. Det er no etablert ei arbeidsgruppe som får ansvaret for å utarbeide lokale planer for tiltak, med utgangspunkt i lokale behov og undervisningsmateriell som kommunen får frå Nff. Surnadal demensforening og helselag har vore ein sentral aktør i å få dette opplegget sett ut i livet.
Det er no like før 17 nye moderne omsorgsbustader blir tatt i bruk. Bustadane ligg i nær tilknyting til Surnadal sjukeheim, og inntaksprosessen er i full gang. Som medlem av byggekomiteen og nestleiar i hovudutvalet for helse og omsorg har eg hatt godt høve til å følgje med i framdrifta. I tillegg er planarbeidet med å få opp enda fleire omsorgsbustader kome godt i gang. Alt dette er veldig bra. Eg har blitt kontakta av personar som er bekymra for at utleigeprisane kan bli for høge.
Det er grunn til sterkt å understreke at omsorgsbustader ikkje kan erstatte sjukeheimsplassar! I den rådande situasjon bør det tvert i mot arbeidast aktivt for å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar! Dette er mi meining.
Det er elles verdt å merke seg at regelverket er slik at får ein person avslag på søknad om sjukeheimsplass kjem ikkje søkjaren på venteliste, men må søke på nytt. Derfor er det så viktig at terskelen for å få sjukeheimsplass ikkje må bli for høg.
Vi er no inne i ein haust med utfordrande arbeid med kommunebudsjettet for året 2022. Dette ser ut til å bli krevjande, med sikkert knallharde prioriteringar.
Tilboda til dei mest omsorgskrevjande eldste eldre må ikkje bli ein salderingspost ved årets budsjettbehandling.
Det er viktig at dei eldre og deira råd og organisasjonar tidleg i prosessen får kome til med sine synspunkt og meiningar når viktige saker som vedkjem dei eldre skal drøftast og takast avgjerd i.
Johs. J. Vaag