LESERINNLEGG:

Lars Bæverfjord jr

Dyrlegevaktordning i Surnadal og Halsa

Vi går no inn i eit nytt år med ny organisering av dyrlegevakta. I samband med det har det dessverre vore ein del uro.

Ein ting er sikkert: dagen i morgon blir ikkje lik dagen i går. År 2020 har stadfesta det til gagns.

Eg hugsar da gamaldyrlegen kom til bygda. Det var stor skepsis da han kom til gards; –"han har da ikkje erfaring og kan ikkje like mykje".

Men sanneleg, etter eit tid kom det for ein dag; ungdomen hadde da lært eitt og anna på veterinærhøgskulen som vog opp for manglande erfaring.

Eg har alltid fått god hjelp av unge veterinærar.

I den nye vaktordninga får vi no fire flinke framtidsretta damer. Ei i UVB, tre i INVet. I tillegg er det ein mannleg veterinær i UVB og ein kvinneleg assistent i INVet.

Fem av desse er heimattkomne eller tilflytta. Dette er noko lokalsamfunnet både treng og set pris på.

Gjennom etableringa av UVB og INVet har vi fått mykje auka veterinærkompetanse til bygda. Dette vil bli eit veterinærmiljø, som vi vil ha glede av i mange år.

Vi har alle, eigar av produksjonsdyr og/eller kjæledyr, eit felles ansvar for å ta i mot og ta vare på eit slikt miljø.

Eg er takksam for at eg bur i eit landbruksområde som er attraktivt for produksjonsveterinærar. Det er ikkje sjølvsagt.

Eg ser fram til å bli kjent med, og få nytte av kunnskapen deira.

Eg ber difor om at vi legg uroa bak oss, og ønskjer den nye vaktordninga velkoma.

Godt nytt år!

Lars Bæverfjord jr.
Bonde

Powered by Labrador CMS