LESERINNLEGG:

Gratulerer med verdas miljødag!

5. juni kvart år markerer vi verdas miljødag. Årets tema for miljødagen er restaurering av økosystem.

Silje Beate Holten, Surnadal Senterparti.

På verdsbasis er det i dag i følgje Verdas Naturfond meir enn 27 000 artar som står i fare for utrydding, noko som tilsvarar ca ¼ av alle artar vurdert av Verdas Naturunion. Ein av dei viktigaste årsakane er at vi øydelegg leveområda deira. Om det er store inngripande arealendringar, forureining, klimaendringar eller mangel på vedlikehald av t.d. kulturlandskap.

Landbruket og beitedyr som kyr har lenge vorte sett på som miljøverstingar på grunn av naturleg utslepp av gass frå nemnde kyr. Vi ser mindre og mindre beitedyr i utmark, og årsakene er mange. Men mangelen på beitedyr kan få store konsekvensar vi kanskje ikkje tenkjer på i kvardagen. Utmarksbeiting er heilt avgjerande for å kunne oppretthalde kulturlandskapet og dei mange artane som veks der. Når vi tek vekk dyra som beiter og kulturlandskapet veks att, blir blomar, urter og lyng erstatta av kratt og trær. I følgje Artsdatabanken er gjengroing av kulturlandskap den viktigaste trusselen mot 565 trua artar i Noreg, herunder insekt, sopp og planter. Om desse artane forsvinn får det store konsekvensar for dei dyra som har desse som sin hovudnæringskjelde. I verste fall vil dyr som hare, rype, tiur og orrfugl forsvinne frå økosystemet fordi dei ikkje finn mat for å livnære seg

Vi er avhengige av eit balansert og berekraftig økosystem. Utmarksbeite er ein viktig del av det å oppretthalde dagens økosystem, og sikre ei framtidig berekraftig utvikling.

Vi i Senterpartiet arbeider aktivt med miljø året rundt. Så i anledning miljødagen vil vi oppfordre alle til å tenkje på kva kvar og ein av oss kan gjere for å oppretthalde artsmangfaldet og sikre ei berekraftig framtid for økosystema rundt oss.

Powered by Labrador CMS