LESERINNLEGG:

Rasmus på gjensidig vaksenopplæring

Eg har aldri hatt særleg sans for at det kjem stortingspolitikarar ens ærend for å vera med å drive valgkamp i bygdene under kommunevalg. Det kjem vel eit og anna medieoppslaget i kjølvatnet av disse besøka, slik at vi listekandidatene kan få vist oss fram, om det har så mykje å seie da. Sjølsagt er dei som kjem positive til det dei ser, og lovar det meste og beste for kommunen.

Når vi i Surnadal mdg gjer eit unntak den 22. august, er det for å drive vaksenopplæring. Rasmus Hansson vart eit triveleg bekjentskap under Landsmøtet, og når han inviterte seg sjøl til Surnadal sa vi etter litt tvil ja. Han er ein kunnskapsrik kar som er villig til å lytte. Vi ønsker å forklare han kvar skorne trykker her, og høre kva han kan bidra med for å få ting betre. Vi ønsker også å forklare kva vi er sterke på, slik at vi kan utvikle den styrken enda meir. Truleg kan vi få drahjelp, men det gjenstår å sjå. Rasmus skal først og fremst på vaksenopplæring for å lære om kva som rører seg i Surnadal, og kva vi ønsker med bygdene i kommunen vår.

Han blir nok ikkje med på nokon stand, og som førstekandidat har eg sagt klart ifrå om at eg ikkje kjem til å stoppe folk som skal på butikken med papirprogram og propaganda. Det synes eg reint personleg er både slitsomt og unødvendig for den som skal på butikken. Men den som synes det er greit, må endeleg gjera det. Vi har som politiske kandidater lett for å skrive fine ord i valgprogram. Ja, det er igrunn det lettaste som finnes. No blir vel einkvan straffa for å ha vore vel drøyt populistisk før Stortingsvalget. Det er til slutt handling som tel. Som politikarar må vi streva etter å tala sant. Ingen veit sanninga om alt, men vi må i alle fall prøve. Verden er langt meir kompleks enn for berre 10- 20 år sidan, så ein politikar som skal ha svar på alt vil slite kraftig. Da er det betre å seie at ein ikkje veit, eller ikkje kan.

Men vi i mdg Surnadal kan love å gjera vårt ytterste for å støtte eit framtidsretta næringsliv her i kommunen. Vi skal gjera vårt ytterste for å støtte landbruket og vi skal gjera alt vi kan for å støtte sårbare grupper. Rasmus Hansson har solid utdanning og fagleg bakgrunn innan natur og miljøvern. Her kan han etter alt å dømme gje oss nokre tips som er verdt å ta med seg vidare. Så vaksenopplæringa kan bli gjensidig.

Kjell Gunnar Polden

Mdg Surnadal

Powered by Labrador CMS