LESERINNLEGG:
Tilsvar til SP og Dordi Lerum: SP i praksis, mest distriktsfiendtlig regjeringa landet har sett!
Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP
« Betre med positiv næringsbonanza med FrP, enn skatte og avgiftsbonanzaen til SP»
Dordi Lerum,,,
- kvar var du når over 3000 personar gjekk i fakkeltog og protesterte mot nedlegging av Mork rehabiliteringssenter i Volda?»
Nei, verken du eller andre sentrale var der frå SP, rett og slett for dette er eit av dei mest sentraliseringskåte og distriktsfientlige handlinga som har skjedd i Møre og Romsdal på lang tid.
« Det måtte ei SP regjering til for å legge ned Mork rehabiliteringssenter, og sentralisere dette»
Dordi Lerum og SP, vanlige folk her i fylket har fått med seg kva SP er i praksis, og kvifor dagens regjering er den mest distriktsfiendtlige regjeringa landet har sett.
• Skyhøge straum og drivstoffprisar.
Dette rammar alt av næringsliv her i fylket, og dette rammar distrikta mest. Landbruket er hardt ramma pga denne voldsomme skatte og avgiftsauken, og dei er av næringane som blir råka hardast spesielt ang drivstoffprisane.
Transport, bygg og anleggsbransjen er i kneståande her i fylket, og tusenvis av arbeidsplassar står i fare. Sp og AP vil ikkje bygge veg, og det er akutt oppdragstørke framover no, som klart og tydeleg viser SP sin distriktspolitikk i praksis.
Svar meg på ein ting Dordi, kva unge her i fylket har muligheita til å kunne bu i fylket og skape seg ei framtid når dokke i SP raserar næringslivet?
- kvar skal ungdommane få seg arbeid når du og resten av SP har gått til frontalangrep på det meste av privat næringsliv?
SP har satt igang ein politikk med rekordhøge skattar og avgifter, svindyr straum og drivstoffprisar og formue og grunnrenteskatt som rammar vanlige folks sitt næringsliv og arbeidsplassar.
Berre den siste tida har over 200 arbeidsplassar gått tapt her i fylket, og fleire er truga.
Og, det er ikkje «rikingane» dokke rammar med til dømes grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa.
« dokke rammar tusenvis av arbeidsplassar her i fylket innan utstyrsleverandørar, el- selskap, rørleggarar, handtverkarar, transport, bygg og anlegg. Haugevis med små og større bedrifter som no mistar oppdraga sine»
Dette er fasiten med Sp i regjering, og dette er ein medisin for vårt næringsfylke som er svært så giftig.
Når FrP styrte ilag med Høgre, så gjekk skattar og avgifter ned. Vi bygde landet og aldri har det blitt lagt meir asfalt, bygd meir veg og ikkje minst næringsbygg, fordi næringslivet hadde levelige driftsforhold.
Renta gjekk ned mot null, og mengder med nye arbeidsplassar vart skapt. Tidenes høgaste rammeoverføringar gjekk til kommunane og fylka, og det offentlige kunne levere betre tjenester.
Aldri før har det vore ført ein betre distriktspolitikk enn med FrP og Høgre i regjering.
- Kva skjer no med SP i praksis ?
Det stikk motsatte, distrikta blir hardast ramma. Renta går til himmels, skattar og avgifter likeså. Straum og drivstoffprisane knekker økonomien til vanlige folk landet over, og som om ikkje dette var nok så har også matvareprisane gått til himmels.
Er det noko i det heile som Dordi Lerum og SP kan skryte av utanom elendigheit dokke har skapt for folk flest og næringslivet som snart knekker distrikta?
Nei, du må kome deg ut i verkelegheita her i Møre og Romsdal, sette deg inn i situasjonen til alle som slit, og ta deg ein prat med alle som no mistar jobbane sine, eller er truga av permiteringar.
Så skal vi i FrP og Høgre snarast råd etter valget geleide dokke ut av kommunestyra og fylkeshuset,
«for SP har vist alle kva dokke står for i praksis og dette er konsekvensar ingen i dette fylket har råda til å ha noko særleg lengre»