Landbrukskontoret i Surnadal:

Dreneringsgrøft
Frå Farstad, Hustadvika kommune.

Oppfordrer til å søke tilskudd

Publisert Sist oppdatert

I årets jordbruksforhandlingar blei partane einige om å auke tilskotssatsane til drenering frå 1. juli 2023. Nye satsar gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli.

Dei nye satsane er 4 000 kroner per dekar. Per løpemeter grøft er den nye satsen 61 kroner, avgrensa til maksimalt 4 000 kroner per dekar areal. Endringane gjeld for søknader sendt inn etter 1. juli 2023.

Forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord vil bli oppdatert med dei nye satsane, og satsane vil bli innarbeid i søknad – og sakshandsamarsystemet Agros med verknad frå 1. juli.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket ikkje er starta opp

Søkarar som har fått innvilga tilskot før 1. juli etter gamle satsar, kan trekke søknad og sende ny dersom arbeidet på det omsøkte arealet ikkje er starta opp. Kommunen må då fatte nytt vedtak om tilskot. Samtidig skal kommunen inndra tidlegare innvilga tilskot ved å avslutte den gamle saka. I tillegg til endra tilskotssum, kan det bli satt ny arbeidsfrist.

Etter ei endring i fagsystemet i 2022 blir tilskotssatsane no styrt ut frå søknadsdato og ikkje vedtaksdato. Tilsvarande gjeld difor for søknadar som kommunen ikkje har handsama før 1. juli. Her må søkjar trekke gammal søknad og søke på nytt etter 1. juli, for at nye satsar skal bli gjeldande.

Handsaming av søknader som er sendt inn før 1. juli der tiltaket er starta opp

Etter forskrifta § 3 kan det ikkje gis tilskot der tiltaket er starta opp. Dette betyr at det ikkje kan gis tilskot etter fornya søknad og med nye satsar i slike tilfelle.

Mykje midlar til disposisjon i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal er total ramme for tilskot til drenering på 9 351 568 kroner i 2023. Foreløpig tilsagn dette året er på 3 120 402 kroner. Dette gir eit godt handlingsrom for dei auka satsane og for fleire tilskotssøknader.

Det er kommunane som gjer vedtak i tilskotsordninga. Det inneber at kommunen har ansvar for å fastsette søknadsfristar, informere og rettleie om regelverket og om søknadsprosessen. Kommunen skal og behandle søknader, fatte vedtak om tilskot og godkjenne utbetaling av tilskot. Ta kontakt med din kommune om du har spørsmål.

Powered by Labrador CMS