Frislepp av mjølkekvotar:
- Ein del har nok eit potensial
Det har vorte stor etterspurnad etter norsk mjølk. Landbruks- og matdepartementet har satt overproduksjonsavgiften til null ut året, noko som i praksis betyr frislepp av kumjølkproduksjonen utan kvotebegrensning i 2024. Trollheimsporten har spurt konsulent landbruk Elin Moen Lysø om saka.
Stor etterspurnad etter mjølk
Med frislepp håpar Landbruks- og matdepartementet å unngå import av mjølk for å dekke opp behovet i marknaden. Mjølkeprodusentane vert med andre ord oppforda til å produsera meir mjølk ut året. For dei som allereie produserer meir enn kvota, er dette ein gladnyheit. Men hjå dei fleste er det ikkje berre å skru opp krana. Mjølkeproduksjon er eit resultat av langsiktig planlegging og avlsarbeid, og snarlege endringar krev god agronomi.
– Kan koste meir enn det smakar
Trollheimsporten har kontakta konsulent innen landbruk, Elin Moen Lysø for å høyre kva ho tenkjer om saka.
– Kva lønnsomheit den enkelte sit att med ved å produsere mest mogleg varierar, og for ein del vil det nok kosta meir enn det smakar å produsere dei siste litrane i fjøset, tenkjer Lysø.
– Nokon held vel opp å sende kyr som var tenkt slakta til seinare, men andre har vel ikkje så mykje å gå på, da dei allereie har lagt opp til omtrentleg maksimal produksjon, fortel ho.
Snakk med ein rådgivar
Elin Moen Lysø trur likevel at ein del har eit potensial for å kunne styrke økonomien no.
– Kva moglegheit både praktisk og økonomisk dette er må den enkelte mjølkeprodusent sjå på, rådar ho.
– Da kan det nok vera lurt å få med seg ein rådgivar for å diskutere forskjellige tiltak.
Både norsk landbruksrådgiving, kraftfôrprodusentane og Tine har rådgivarar tilgjengeleg for dei som ønskjer konkrete råd for økt produksjon. Dei kan også bistå med å rekne på om det vil lønna seg å auke innsatsfaktorane i det enkelte tilfelle.
Felleskjøpets råd
I ei pressemelding skriv Felleskjøpet at dei har motteke fleire førespurnadar med spørsmål om korleis kua kan produsere meir mjølk.
– Vårt første råd er at godt grovfôr er viktig for å auke mjølkeproduksjonen. No er vi komme til midten av juni, og mange opplever tidleg hausting og gode avlingar på årets førsteslått. Fleire kan hauste tre slåttar med god kvalitet i år. Dette seier Rune Lostuen, produktsjef kraftfôr i Felleskjøpet Agri.
- Når ein ser mengda og kvaliteten av grovfôret den enkelte har tilgjengeleg, er riktig fôring med kraftfôr den mest effektive metoden for å auke mjølkeproduksjon. Dette betaler seg raskt tilbake om det blir gjort på rett måte, seier Rune Lostuen.
Øk mengden kraftfôr når kua mjølker mest
– I løpet av dei første månedane etter kalving er det moleg å styrke kuas yting ved å auke kraftfôrmengden. Når ytinga avtek utover i mjølkeperioden, vil effekta av auka kraftfôr verte mindre, fortel Lostuen.
– Vårt råd er at ein har størst moglegheit til auka yting i inneverande laktasjon om ein auker kraftfôrmengda innanfor dei 150 første dagane i mjølkeperioden. Samstundes er det viktig å tilpasse kraftfôrtype og mengde slik at vomfunksjonen på dyra ivaretas. Riktig fôring før kalving er også viktig for å forebu kua på høg produksjon, rådar Lostuen.
Gjer tiltak i løpet av beitesesongen – tilpass kraftfôrmengde og type etter tilhøva
Vidare råder Felleskjøpets ekspert å la dyra beite på beite med god kvalitet, gjerne med skiftebeite eller stripefôring, så dei får tilgang på ferskt gras heile tida. Dette er avgjerande for å oppretthalde eit høgt fôropptak og ein høg mjølkeproduksjon. Om opptaket ute på beitet vert redusert utover sesongen, må ein tilleggsfôra dyra med godt grovfôr eller justere kraftfôrtype og mengde.
Rådgjevarane løyste i fjor problemer med for lite grovfôr. I år er det auka behov for mjølk som gjelder.
– Vi anbefalar sterkt å bruke rådgjeving. Vi har mange eksempel på at god fôrplanlegging både auker ytinga i mjølkeproduksjonen, og tek vare på og styrker økonomien til bonden, sier Rune Lostuen i Felleskjøpet.