(Foreløpig) avskjed med vår evigunge vikarprest Torbjørn Brøske:

Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen bar fram synleg takk frå Åsskard kyrkjelyd.
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen bar fram synleg takk frå Åsskard kyrkjelyd.

Teneste og takk

Publisert Sist oppdatert

Misjonsarbeid heime og ute prega gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag.

I tråd med dagens misjonsmotto var presentasjonen av Normisjons barnegruppe «Amigos» i Bøfjorden eit viktig innslag. Leiar Bodil Kvam Aasbø vart intervjua av klokkar Randi Bøe etter at Torbjørn Brøske hadde ei engasjerande preike over misjonsbefalinga i Bibelen.

Barnearbeid sidan 2009

– I regi av Normisjon starta Nora Bøe og eg dette barnearbeidet i 2009, fortalte Bodil. – Heime i Rennebu vaks eg opp med barneforeining, søndagsskule og korarbeid og ønska noko liknande da eg flytta hit. Amigos har hatt god oppslutning frå heimane og borna i desse 14 åra.

Amigos-kveldane inneheld ymse hobbyaktiviteter, turar, musikk, song og trusopplæring. Kyrkjelyden gav den dyktige pedagogen og iherdige barnearbeidaren rungande applaus etter intervjuet.

Bodil Kvam Aasbø (t.v.) gav levande lokale misjonsglimt da ho fortalte om sine 14 år i barnearbeidet Amigos. Klokkar Randi Bøe leia samtalen.
Bodil Kvam Aasbø (t.v.) gav levande lokale misjonsglimt da ho fortalte om sine 14 år i barnearbeidet Amigos. Klokkar Randi Bøe leia samtalen.

Misjonssongar

Mange misjonsvenner, blant dei lokale misjonærar med fartstid i India og Etiopia (forutan prest Torbjørn i Sjømannsmisjonen) deltok i gudstenesta. Salmar som «Din rikssak» og «Rop det ut» tona friskt. Ja – ein av salmane var henta frå Afrika og vart delvis sungen på originalspråket. Ei korgruppe på 8 kasta glans over både song og liturgi.

Takkegåve til Torbjørn

Torbjørn Brøske gjorde si (foreløpig) siste teneste som prest i Åsskard. I gudstenester, konfirmantarbeid og elles har han skapt opplevingar som både unge og eldre har sett stor pris på. Dette vart synleggjort ved at soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen heldt ein fin takketale og gav Torbjørn ei gåve frå kyrkjelyden – ein vakker engel laga av Bøfjord-kunstnaren Tanja Heggem.

Takkesong – lånt frå Paulus

Korgruppa avrunda den innhaldsrike gudstenensta med arien «Eg takkar deg» frå Mendelssohns oratorium «Paulus». – Dagen er prega av både vemod og takk, sa organist Bernt Bøe i samband med framføringa. – Kristenforfølgjaren Paulus vart omvendt til tidenes største misjonær. Dermed går denne takkesongen frå Åsskard kyrkje og enno vidare!

Dagens takkoffer gav mange kroner til Normisjon. Og etterpå var det fullt i Kyrkjestua under kyrkjekaffen - der Torbjørn med humor og alvor takka for tida som vikarprest i Åsskard.

Fullt ved borda – ja, faktisk for lite stolar - under kyrkjekaffen.
Fullt ved borda – ja, faktisk for lite stolar - under kyrkjekaffen.
Blant mange frammøtte misjonsvenner var veteranane Harald Aasbø (frå venstre), Sverre Hatle og Nils Magnar Torvik.
Blant mange frammøtte misjonsvenner var veteranane Harald Aasbø (frå venstre), Sverre Hatle og Nils Magnar Torvik.
Powered by Labrador CMS