
Feira 80 - med kyrkjegardsdugnad!
Inger Bøe på Bølandet stikk seg ikkje fram i utide. Men ho er alltid med når sambygdingane møtest.
Tysdag stilte ho med riva og sitt gode humør på rakardugnaden ved Åsskard-kyrkja. At ho fylte 80 år same dagen, fekk koma i andre rekkje.
– Gebursdagar kjem da kvart år, smilte ho.
Hurra-song og roser
Nokon i dugnadsgjengen hadde fått nyss om årsmålsdagen. Så ved kaffen etter arbeidsøkta vanka det både «Hurra for deg»-song og rosebukett til ein overraska og smilande jubilant. Og Inger ber åra sine lett – ikkje minst takka vere dagleg trim til Osen og andre turmål i Bøfjorden.

Rydda til vårens festdagar
Eit tjuetal frammøtte sørga – trass i vinden og ruskeveret - for rask og grei våronn rundt Åsskard-kyrkja denne ettermiddagen. Etterpå var det pølse, svele og kaffe i Kyrkjestua, der praten gjekk livleg som alltid.
Litt plenklipping står att. Men til 17. mai og til konfirmasjonen på Kristi Himmelfartsdag er kyrkjeområdet pynta til dobbel vårfest.

