Lars Skrøvseth, nevø av Kalla Skrøvseth var den som tok initiativet i Kunstveka

Opna Kunstveka

Torsdag kveld var det klart for opning av den første Kunstveka i Surnadal. Det første arrangementet er poning av minneutstilling over den svenske kunstnaren Kåre Henriksson. Andre post på programmet denne kvelden var besøk hos Brit Dyrnes på Kvenna Kunstverksted.

Publisert

Nyskapinga Kunstveka, er ein fire dagers «Kunstival», som kultursjeg Lilli Huaby uttrykte det, er et samarbeid mellom kunstnarar i Surnadal, Kallastua og Surnadal kunstforening. Første del av programmet torsdag kveld, var åpning av ei minneutstilling over den svenske kunstneren Kåre Henriksson.

Henriksson har vore i Surnadal flere gonger, og var en nær venn av Jon Arne Mogstad. Mogstad og forloveden Cecilie Nissen fortalte om sitt bekjentskap med Håkonsen, Mogstad som lærer på kunstakademiet, Nissen som elev.

-Eg og Kåre diskuterte mykje kunst saman, mintes Mogstad. Stort sett var vi einge, men det var slett ikkje kvar gong. Mange kunstnarar, meg sjøl inkludert, kan frå tid til anna oppleve å vere usikker på det ein gjer. Men slik var det ikkje med Kåre, han var alltid trygg i det han heldt på med.

Jon Arne Mogstad og Cecilie Nissen var begge godt kjent med Kåre Henriksson

Henriksson har òg stilt ut i Surnadal tidlegare, i regi av Surnadal kunstforening. Han har også vore jurymedlem ved juryerte utstillingar i Kunstforeninga har arrangert.

Lilli Husby ønska velkommen. Vi kan godt kalle dette ein kunstival, sa ho

Bilda fall i smak ho publikum. Allereie i løpet av den første timen var seks arbeider solgt.

Pianist Hedda Hansen Berg og tenoren Ole Andreas Silset sørga for det musikalske innslaget under opninga. Silset song «Bring him home» frå Les miserables, og sørga deretter for at taket på kulturhuset løfta ørlite på seg med «Granada» av Augustin Lara.

-Eg skal synge Granada, men det er ikkje versjonen til Vassendgutane altså, forsikra han under lydprøvene. Forresten, kanskje eg skal ta den som ekstranummer, spøkte han

Pianist Hedda Hansen Berg og operasongar Ole Andreas Silset sto for den musikalske underhaldninga

Brukar heile seg

Etter at den offisielle opninga, og utstillingsopninga var vel og vakkert over, gjekk turen til Brit Dyrnes og Kvenna Kunstverksted.

Dyrnes har arbeidd aktivt som keramikar med hovudvekt på keramisk skulptur i over 40 år. Frå 1985 har ho utført 40 offentlige utsmykkingar. Brit er tildelt fleire priser og har hatt fleire styre- og leder-verv.

Dyrnes og mannen har hatt hytte i Stangvik i ei årrekkje, og for tre år sidan elablerte ho seg i det tidlegare lokalet til Stangvik Sparebank på Kvenna.

Brit Dyrnes i verkstaden på Kvenna

Torsdag kveld fortalte kunstnaren seg og sin kunst, om arbeidsmåtar, teknikkar og tankane bakom kunsten. Dyrnes arbeider teamtisk, både for å forsøke og for å ha knagger å henge tankane på under arbeidsprosessen. Arbeidet med leira er svært fysisk, og krev at ho brukar heile seg i kunsten, fortel ho.

-Endar utpå laurdagsnatta

Etter fredagskveld i Kallastua med historier og måleri frå Nordmarka og laurdagens pop-uputstilling på Kulturhuset, er det klart for ein skikkeleg finale på Surnadal Billag.

Laurdag blir venteleg ein begivenhetsrik dag for Jon Arne Mogstad og Cecilie Nissen. Første post på programmet for dei to er nemlig giftarmål. Ordførar Margrethe Svinvik skal smi dei to kunstnarane i hymens lenker.

Klokka seks opnar dei så dørene på billaget for gigantutstillinga «E39, mellom kunst og folk» med til saman 16 kunstnarar, dei to nygifte inkludert, før det heile endar i pubkveld på Surnadal Billag.

-Kunstveka startar altså no, og endar opp ein gong utpå laurdagsnatta, sa Lars Skrøvseth under opninga tordag.

Powered by Labrador CMS