Kulturvøkku 2023

publikum ved borda i salen
Full sal!

Lars har "bjørnekurs"

Det var full sal på Rindal Eldresenter på "Åpen Dag" under Kulturvøkku. Tradisjonen tru hadde Rindal Pensjonistlag fått tak i ein utflytta rindaling som hovudkåsør, sjøl om han kanskje kan kallast heimflyttar no. Vi fekk også innslag frå enda ein utflytta rindaling, Ivar Bakk, og ikkje minst frå trubaduren Arve Hage Grytbakk med sterke rindalsaner.

Publisert
Lars Løfaldli med bjørnepresentasjon

Lars Løfaldli har eit langt yrkesliv i Direktoratet for Naturforvaltning og seinare i Miljødirektoratet bak seg. Temaet hans denne dagen var bjørn og laks i Katmai nasjonalpark i Alaska.

Alaska

Han har vore i Alaska fire gonger og har både vandra og padla der aleine og i lag med andre.

Han fortalte at Alaska tidlegare var russisk. Den russiske tsaren var blakk, mellom anna etter Krim-krigen, og inntektene frå pelsfangsten gjekk mot slutten. Det var langt frå St.Petersburg, som var hovudstad da, til Alaska.

USA fekk kjøpe Alaska for 7 millionar dollar i 1867. Handelen vart sterkt kritisert i USA.
- Enn å kjøpe isfjella der oppe, sa dei.

Så kom laksefisket først og salg av hermetisert laks, 1896-99 kom gullrushet i Klondike og frå 1968 har dei pumpa olje.

Om bilda

Eg gjer merksam på at bilda til Lars Løfaldli er frå tida med rullefilm. Da han fotgraferte bjørnen som "fiska" i fossen, fotograferte han bildererie, men han såg ikkje resultatet før han fekk framkalla filmen.
Bilda her er fotografert frå skjermen og gir ikkje rette fargar.

Alaska vart eigen stat 7.juli 1959 som den 49. og den største delstaten i USA.

Laks og bjørn

Lars Løfaldli fortalte så om besøket sitt i Katmai nasjonalpark, om ulike bjørneslag og laksesortar der borte. Mange trudde nok at grizzlybjørnen var størst, men brunbjørnen slår den.
- Står den på bakføtene, så rekk den til taket her, sa Løfaldli.

Før han kunne dra inn i nasjonalparken, måtte han ta "Bjørnekurs" - lære seg rett og trygg oppførsel overfor bjørn. Avstand er første bud. Vidare må ein unngå ting som luktar, og av drikke må ein halde seg til vatn.

Dei som hadde pengar, kunne leie seg velutstyrt lodge. Lars nøyde seg med telt. Han hadde bestilt plass på verdens mest etterspurte teltplass. Den var fullbooka på kort tid. Rundt teltplassen var det straumgjerde.

På veg til teltplassen møtte han ei binne med to ungar. Da var det best å snu, men der kom det ein hanbjørn! Lars valde å stikke inn i skogen.

fem bjørnar ved foss i elva
Populær fiskeplass for bjørnane

Både bjørnen og fiskarane her har samme mål, raudlaksen som går opp i innsjøane for å gyte. Fiskarane blir stressa når dei blir mesta omringa av bjørn ved elvekanten.

bjørn i elva med laks i munnen
Laksefiskar
bjørn fangar laks i foss
Bjørnen fanga laks som hoppa opp fossen

Straumen mellom to sjøar er beste fangstplassen for bjørnen. Den lever berre av laks, 30 kg om dagen, og i hi om vinteren!

fir bjørnar mellom fotografen og sjøflya som er klare til avgang
Innsjekkinga ved avreisa vart litt forsenka

Løfaldli opplevde bjørn på avstand tilsvarande tvers over møterommet. Da kunne det vere greit å ha eit par korpulende amerikanarar mellom seg og bjørnen.

bilde av binne med  unge ved vatnet
Slik avslutta Lars Løfaldli innlegget sitt

Gode historier

Ivar Bakk fekk ordet og advarte innleiingsvis at det kunne komme historier som kunne gå ut over matlysta, men stemninga rundt bordet under kaffipausen var på ingen måte dempa. Historiene slo godt an hos publikum. Bakk har hatt mange innslag med minne frå oppveksten i Rindal i årsskrifta til Rindal Heimbygdlag. Han har samla mange av dei i eit eige hefte.

Ivar Bakk (t.v.) i lag med jamaldringen Per Rindalsholt

Viseavdeling

Trubaduren Arve Hage Grytbakk kom frå Hovin i Gauldalen og hadde slektningar i salen. På Hovin spelar han ofte med ein annan utflytta rindaling, Lars Landsem, som no er "høttrindaling."

trubaduren med gitar
Trubaduren Arve Hage Grytbakk avslutta avdelinga si med Vamps "Liten fuggel" på tilnærma Haugesundsdialekt.

Til eige gitarakkompagnement framførte han mange kjente viser. Han gav visene eit personleg preg, og publikum gav tydeleg tilbakemelding på at han trefte smaken deira. Han oppfordra forsamlinga til å synge med, og det vart tilløp til allsong, i alle fall nynning!

Seniordans

seniordansarar
Rindal Seniordans

Rindal Seniordans avslutta arrangementet med flott, engasjert oppvisning!

Kven kunne tru at den eigenkoreograferte dansen nedafor er "seniordans!"

.

Powered by Labrador CMS