Kor og musikarar avsluttar Jonsvaka 2016 på kyrkjetrappa.
Kor og musikarar avsluttar Jonsvaka 2016 på kyrkjetrappa.

40 gonger Jonsvaka

Kvart år sidan 1982, unnateke koronaåret 2020, har kulturtreffet «Jonsvaka» vore arrangert i Åsskard kyrkje. Samlinga fredag 24. juni i år er da Jonsvaka nummer 40.

Publisert Sist oppdatert

Minnedagen om Den Heilage Johannes Døyparen (Sankt Hans) 24. juni var kyrkjeleg helgedag fram til 1770. Den utvida katolske tidebøna kvelden før helgendagen var kalla Johannes-vaka (Jonsok, Jonsvaka eller på nordmørsk dialekt «Jensuku»).

Tradisjonen med feiring og bålbrenning skriv seg delvis frå den førkristne midtsommarfesten, men vart vidareført og pregar jonsok også i vår tid.

Kristningsjubileet: Nylaga sogespel "Olav - Den første" vart framført med lokale kor- og teaterfolk under Jonsvaka 1995.
Kristningsjubileet: Nylaga sogespel "Olav - Den første" vart framført med lokale kor- og teaterfolk under Jonsvaka 1995.
Bøfjorden Historielag sin bauta over bortkomne på sjøen vart avduka under Jonsvaka 2009.
Bøfjorden Historielag sin bauta over bortkomne på sjøen vart avduka under Jonsvaka 2009.
Alltid kaffestund i Kyrkjestua før Jonsvaka-konserten.
Alltid kaffestund i Kyrkjestua før Jonsvaka-konserten.

Med sitt nye orgel og med oppblomstrande kulturinteresse tok Åsskard i 1982 opp att St. Hans som kyrkjefest. Det lokale kyrkjekoret stod i spissen for årlege kulturkveldar ved jonsoktider og har vore «flaggskipet» fram slik til no. Koret har samarbeidd med lokale og tilreisande musikarar.

Programma vart etter kvart 2-delte: Først ein bolk med temakåseri, kunst og tidvis scenisk program. Etter ein kaffepause har det vore midnattskonsert med kyrkjemusikk av variert slag og frå ulike tidsepokar.

Folkemusikkgruppa "Brann i blått" tok ekstranummer på kyrkjebakken i 2005. Frå venstre Unni Boksasp, Øystein Sandbukt, Torgeir Leivdal og Gro Kjelleberg Solli.
Folkemusikkgruppa "Brann i blått" tok ekstranummer på kyrkjebakken i 2005. Frå venstre Unni Boksasp, Øystein Sandbukt, Torgeir Leivdal og Gro Kjelleberg Solli.

Innhaldet og ramma om det nattlege kulturtreffet på årets lysaste tid har gjort Jonsvaka i Åsskard til eit særprega og godt besøkt arrangement.

Vi tek med nokre eksempel på program vi har gjennomført i desse 40 åra.

Visst skal våren komme (2001) Lokal folkemusikk har stått sentralt (1982, 1983, 1991, 2005, 2011, 2017). Den gregoriansk Johannes-vesperen i 1983 var ei sjeldan markering av katolsk jonsoktradisjon i nyare tid. Mange jubilantar har vore feira i ord og tonar: Bach, Handel og Schütz (Det Europeiske Musikkåret 1985), Edvard Bræin 100 år (1987), Edvard Grieg 150 år (1993), Petter Dass 350 år (1997), Åsskard kyrkje 125 år (2001), W. Acc. Mozart 250 år (2006).

Annonse:

Konserten under Jonsvaka fredag 24. juni 2022 gir eit tverrsnitt av ulike program gjennom 40 år. Her får ein høre kor, solistar, klaver, orgel og orkesterinstrument. I verbaldelen før kaffepausen vil Bernt Bøe gi seriøse og muntre glimt frå fleire hundre års kyrkjeleg tradisjon og musikkhistorie.

Songarinna Dordi Bergheim kåserer om folketonesamlaren, organisten, komponisten og operadirigenten Edvard Bræin ved 100- årsminnet under Jonsvaka i 1987
Songarinna Dordi Bergheim kåserer om folketonesamlaren, organisten, komponisten og operadirigenten Edvard Bræin ved 100- årsminnet under Jonsvaka i 1987

Kristningsjubileet i 1995 (1000 år etter Moster-messa, 995) inspirerte til sogespelet «Olav - Den Første» (foto øvst på førre sida). Dette vart framført av kor og lokale skuespelarar på utescene i Olastu-hagen (1995, 1996, 1998) og andre stader (Rindal 1995, Sandøy 1996, Surnadal Bygdemuseum 2004). Kyrkjekonserten «Tonar gjennom tusen år» supplerte kristningshistoria. Også klokkar Kristian Aasgaard, organist Leiv Bæverfjord, diktaren H. A. Brorson, Hans N. Hauge, diktaren Paul Gerhardt og komponisten D. Buxtehude har hatt minnemarkeringar.

Scenisk framføring av Bjørnsons "Faderen" i 2010. Frå venstre Bernt Bøe, Torgrim Tunes, Johnse Sættem, Gunnvald Bøe og Anders Larsen. Sistnemnte debuterte som fiolinist på Jonsvaka i 1988 - som 10-åring!

Mange unge musikktalent har utfalda seg på Jonsvaka: 10 år gamle Anders Larsen hadde sin debut som fiolinist på sommarkonserten i 1988! Ulike kor, ensemble og orkestergrupper har delteke gjennom dei 40 åra. Rundt 300 møtte fram i 2009. Til høgre avduking av minnebautaen over folk som kom bort på sjøen.

Anne Kleivset song folketonar under den aller første Jonsvaka i 1982. (Foto kopiert frå avisa Indre Nordmør)
Anne Kleivset song folketonar under den aller første Jonsvaka i 1982. (Foto kopiert frå avisa Indre Nordmør)
Parhestane Ola Bræin og Tor Strand har ofte gjesta Jonsvaka - og gjer det også i 2022.
Parhestane Ola Bræin og Tor Strand har ofte gjesta Jonsvaka - og gjer det også i 2022.

Den best besøkte Jonsvaka var det 3-doble arrangementet jonsokkvelden 2009: Først «Brudefærden i Åsskard» da paret Reiten og Fjærli vart vigde i kyrkja etter å ha kome fjordvegen med den nybygde kyrkjebåten «Hjelmkonnå» (som også fekk sin skipsdåp der og da). Etter brurevigsla vart det ved kyrkjetrappa avduka ein minnebauta over 12 personar frå soknet som kom bort på sjøen. Så kaffe på kyrkjebakken før nattskonsert med bl.a. urframføring av Bernt Bøe sitt lille Requiem «Til minne», dedikert dei 12 med namna sine på bautaen. Rundt 300 deltok på denne Jonsvaka.

Konsertane har servert ulik musikk, frå små stykke til større verk, som Schuberts «Deutsche Messe», Vivaldis «Gloria», Haydns «Missa Brevis i F-dur», «Visst skal våren komme» (Tveit/Skeie) og utdrag frå Handels «Messias». Samansett «Salmemesse 1685» (1997), «Mørevesper» av T. Tjervåg (2003), samansett «Evensong» (2004) og «Folketonemesse frå Todalen» Åsskard Kyrkjekor (forsterka) og BareBarokkBandet: Vivaldis Gloria (2012) av B. Bøe (2011, 2021) viser bruk av liturgisk musikk.

Eit utvida Åsskard Kyrkjekor med Bare-Barokk-Bandet og Margaret Rensvik framførte "Gloria" av Vivaldi på Jonsvaka i 2012.
Eit utvida Åsskard Kyrkjekor med Bare-Barokk-Bandet og Margaret Rensvik framførte "Gloria" av Vivaldi på Jonsvaka i 2012.
Powered by Labrador CMS