Refleksjonar over eit forfattarliv

Tysdag besøkte forfatteren Tore Renberg Surnadal. Denne gongen reiser han ikkje rundt for å promotere ei ny bok, men for å reflektere over eige forfattarskap. Renberg fyller 50 år i år, og oppsummerer en 26 år lang og produktiv karriere. Vi tok ein prat om mellom anna forfattarskap, forteljarkunst og planar for framtida.

Publisert Sist oppdatert

-No er eg midtvegs i livet, og synes det passar fint med litt refleksjon.

Det har vore eit langt og suksessrik forfattarskap. Over 15 romanar har det vorte, samt mange barnebøker. Han er oversett til ei rekkje språk. Dessutan har han begått fleire film- og scenemanus, til tross for at han hevdar det er kjedeleg å skrive manus.

I 2020 fekk han Bokhandlarprisen for romanen Tollak til Ingeborg, ein av dei to nynorskromanane han har rokke å skrive så langt. Han sier det skal bli fleire.

Noko overraskande gjekk det opp for Renberg at det gjekk an å skrive på nynorsk. Han voks opp i eit miljø i Stavanger der nynorsk vart harselert med. Seinare har han tenkt at språkforma passar godt til poesi, men det var det. I det han sto fast, og ikkje fann språket han leita etter, fann han det likevel, i nynorsken.

Teorien om at det ikkje går an å selge bøker på nynorsk, gjorde han til skamme med Bokhandlarprisen.

-Bokhandlarprisen er litt spesiell, sier Tove Sundli ved Ark i Surnadal. Det er bokhandlarane som gjev ut den prisen, han kjem frå lesaren, ikkje kritikarane.

Ikke slik å forstå at kritikarane var misfornøgd med boka. Både VG, Nettavisa og Bok 362 henta fram seksaren på terningen.

I eige landskap

Mest kjent er kanskje bøkene om Jarle Klepp. Den første boka, Mannen som elsket Yngve, er òg filmatisert. Her er hovudpersonen tenåring. I bok nummer to, Kompani Orheim, går vi attende til Jarle Klepp sin urolege barndom, prega av faren sitt rusmisbruk.

-Eg visste alltid at eg skulle skrive om dette temaet, sier Renberg.

Jarle Klepp sin barndom har mykje til felles med eigen oppvekst. Renberg voks opp i ein såkalla møblert heim. Foreldra var høgrefolk, og fasaden var flott. Men under fasaden var det rusk i maskineriet.

-Far min brukte all fritida si, alle helger og alle feriar på å drikke sprit. Eg sette han høgt, han hadde mange gode sider, men han reiv seg sjølv i stykker. Etter far sin død, skreiv eg Kompani Orheim. Eg vaks opp i det landskapet der.

I byrjinga vart skrivinga ei redningsbøye for unge Renberg, ein fristad og ein måte å prøve å forstå. Han hadde akkurat begynt å lese vaksenlitteratur. Og det var heller ikke dei lettaste bøkene han sette i gang med.

-Det høyrest nokså pompøst ut å seie det i dag, men Som 14 åring las eg Forbrytelse og straff av Dostojevski. Eg veit ikkje kvifor, men eg gjorde no i alle fall det. Eg var forelska i kunsten og litteraturen, og syntes det var det finaste som fanst.

Han bestemt seg tidleg for at det var forfattar han ville bli.

-Då eg var 14 år skreiv eg i dagboka mi: Eg skal bli forfattar!

Etter det la han seg i hardtrening, skreiv dikt og forteljingar kvar dag etter skulen. Han samanliknar det med ein idrettsutøvar som trener seg opp.

Då han var 22 kom første bok ut. Ei samling kortpoesi. I dag hadde den nok blitt rekna som smal, seier han, det gjorde ho kanskje den gongen og.

Allmenngyldig

Renberg sier han har ein sterk identitet som vestlending. Mange av bøkene har Rogaland som bakteppe. Sjølv om Hillevåg-gjengen har fått halde til nettopp i Hillevåg, ein sliten arbeidarforstad til Stavanger, skriv han ofte om uspesifiserte stader i norsk landskap. I bygder og byar folk kan identifisere seg med, og med karakterar folk kan kjenne igjen.

Hovudpersonen i Tollak til Ingeborg og bygda han bur i, er typsk i så måte

-Tollak er ein universell karakter. Då Roy Jacobsen las boka, sa han at eg hadde fått tak i ein arketype. Alle veit av ein som likar på Tollak. Folk sier - Sjå der kjem han. Eg er opptatt av å få gjort det eg skriv allmenngyldig.

Renberg trekkjer trådar fra Tollak til tendensar i samfunnet i dag. Tollak føler seg framandgjort. Han forstår seg ikke på «den nye tida», og isolerer seg frå den.

-Boka kom i 2018, då hadde vi fått ein ny president i USA, noko som mange av oss meiner gav kritiske utslag i samfunnet. Når relasjonen mellom deg og dei som styrer bryt saman, er det farleg. Då må vi vere på vakt og følgje med. Dette gjeld òg i Noreg. Misforstå meg rett, eg er arbeiderpartimann og sosialdemokrat, men av og til føler eg at myndigheitene ikkje heilt er saman med oss. Mellom anna har vi gjennom pandemien fått mage friheitsberøvande tiltak som mange ikke opplever som fornuftige. Vi må vere årvåkne på om folk trekker seg unna og snur ryggen til styremaktene. Dette er noko eg er opptatt av.

Tollak til Ingeborg handlar òg om å løyse problemer med vold, som jo er hans måte. Då Tollak får nyss i at nokon sel narkotika til ungdommane i bygda, reiser han iveg og bankar dei til blods.

-Medan eg skreiv tenkte eg: Men Tollak, dette kan du ikkje gjere, samtidig var det ein stemme i meg som sa: Kom igjen Tollak, ta dei. Det er egentleg litt skremmande. Eg må innsjå at eg høyrer til ei slekt, mannsslekta, som eg er stolt av å tilhøyre, men som er ein voldeleg gjeng. Eg spekulerar på kvifor vi løyser konflikter med vold. Er det tradisjon, noko tillært, eller er det inni oss. Er det i det heile tatt noko positivt i det og?

-Samtidig seier Tollak at han er ein kjærleikens mann?

-Ja, og det er han jo òg, samtidig. Eg synes eg har fått fram dei ulike sidene i Tollak på ein bra måte.

Renberg har kontakt med lesarane medan Mette Sæter Ormset sikrar seg bok frå bokhandlar Tove Sundli

Tett befolka

-Forfattarskapet ditt har utvikla seg?

-Ja, absolutt! Eg har gått ein lang veg frå første boka.

Han fortel om utviklinga si som forteljar, at det tok nokre år før han var heilt fri, hadde rista av seg nykker og førestillingar, for å bli den forteljaren han er i dag. Samtidig må språket tilpassast boka. Språket i Tallak til Ingeborg er kortfatta og hoggande, og boka er kort. Hillevåggjengen blir skildra med vidt og fargerikt språk i mursteinstjukke bøker. Han kjem alltid til å veksle mellom korte og lange bøker, seier han.

-Forfattarskapet mitt er mangfoldig og spriker i mange retningar. Eg spelar på mange instrument, men om ein høyrer godt etter spelar eg ofte same slåtten.

Tematikken er ofte mental helse, sårbare unge og oppvekst. Han kallar seg relasjonsorientert, kunne aldri skrive sakprosaorienterte bøker.

Foredraget han reiser rundt med heiter Tett befolka. Han er einig i at det er tett befolka hos han. Alle karakterane bur inne i han.

-Ja, eg huser alle folka eg skriv om, det er meir som eit blandakor i hovudet. Eg har med meg Jarle Klepp, Tollak, Steinar, Jan Inge, Rudi og Cecilie. Eg snakkar til dei, og dei snakkar til meg.

Dei tre sistnemde høyrer heime i Hillevåg som ein del av Teksasserien, historia frå det småkriminelle miljøet i utkanten av Stavanger. Den fjerde boka, Assalamu Alaikum (ein fin tittel, men òg litt brysam, meiner forfattaren), kom nyleg. Men Renberg vil ikkje stoppe der. Hillevåggjengen skal få boltre seg i minst ei bok til. Og slutten er allerede planlagt. Forfattaren lovar ein grande finale. Det er berre å gle seg, forstår vi.

Elles har han mange planer framover, kan han fortelje. «Ein heil haug» bøker på lista, som han har notatar til. Han meiner det vil bli fleire nynorskbøker framover.

Inspirert på restaurant

-Eg blir like forbløffa kvar gong, det er fascinerande for meg òg.

Renberg fortel om eit fenomen han opplever frå tid til anna. Setningar som plutseleg kjem dettande i hovudet på han, og som kan vise seg å vere spirar til noko nytt. Slik var det mellom anna med Tollak, som plutseleg snakka til han.

Som skrivande menneske må han vere open og la dei komme til. Hjernen er alltid på jakt utan at han veit om det, seier han. Han ser det som ein del av jobben å vere open for slike impulsar.

-Det hende faktisk i dag, sier han plutseleg. Eg satt nede på kinarestauranten her og fekk meg mat etter at eg var komen til Surnadal. Plutseleg kom det nokre setningar til meg. Eg var snar til å notere dei ned på mobilen. Kanskje blir det til noko, kanskje ikkje.

-Kanskje det blir ein surnadalsroman, foreslår vi.

-Njaa, forfattaren smiler og dreg på det.

Antakeleg ikkje. Men mykje anna spennande kjem det nok frå Tore Renberg framover.

Powered by Labrador CMS