LESARINNLEGG:
Kulturplan utan kyrkja? Det ville vore historielaust!
Kultur handlar om meir enn kunst, festivalar og fritidstilbod. Kultur handlar om verdiar, tradisjonar, fellesskap og tilhøyrsle. Difor reagerte eg då eg såg at kyrkja og trus- og livssynssamfunna var heilt utelatne frå den nye kulturstrategien for Møre og Romsdal fylkeskommune.
Eg er glad for at fylkesutvalet samla seg om forslaget mitt om å ta dei inn i planen – for dette er ein del av kulturarven, identiteten og kvardagen til svært mange menneske i fylket vårt. Fylkesutvalet behandla Fylkesstrategi for kultur – meining, meistring og motstandskraft 3. juni. Denne planen skal gjelde fram til 2030.
Planen er viktig for heile Møre og Romsdal og påverkar kvardagen til innbyggjarane våre. Eg reagerte på at heile planen hadde utelate kyrkja og trus- og livssynssamfunna. Heldigvis fekk eg gjennomslag for å ta inn kyrkja og trus- og livssynssamfunna i planen, noko eg meiner er heilt naturleg og sjølvsagt. Forslaget mitt vart samrøystes vedteke.
Eg vil gje ros til administrasjonen for arbeidet med planen, men vi må ikkje gløyme det som dei fleste opplever som ein sjølvsagd del av kvardagen.
Kyrkja er den eldste og største kulturaktøren vi har her i landet.
Vi snakkar om tusen år med kristen kultur og tradisjon. Eg kan nemne steinkyrkja på Giske frå om lag 1130. Vi har også steinkyrkjer i Ulstein og Herøy, og Kulisteinen på Smøla, for å nemne nokre døme. For dei av oss som såg filmen Havfolket, var det tydeleg kor sterkt kyrkja og trua stod blant sjøfolka. Her snakkar vi om lange og djupt forankra tradisjonar.
I Møre og Romsdal har vi 199 463 medlemer i Den norske kyrkja (2025). Vi har 120 kyrkjer og 95 sokn.
På landsbasis arrangerer Den norske kyrkja om lag 10 000 konsertar årleg, og konsertane og kulturarrangementa samla rundt 1,65 millionar deltakarar i 2025.
Då eg søkte etter tal, fann eg at Møre bispedøme i 2023 hadde godt over 800 konsertar og kulturarrangement med om lag 90 000 deltakarar.
Kyrkjer og kyrkjelydar spelar også ei viktig rolle innan beredskap, noko vi ser ved kriser og større ulukker, både for enkeltmenneske og for heile bygde- og bysamfunn. Dei gjer dessutan eit stort arbeid for barn og unge, der inkludering og sosialisering har stor betydning.
Eg kan også nemne dei mange arrangementa for flyktningar, arbeidsinnvandrarar, kvinnegrupper og andre fellesskap.
I tillegg til kyrkja har vi i Møre og Romsdal katolske kyrkjelydar, pinseforsamlingar, misjonskyrkjer, baptistkyrkjelydar, frikyrkjer, Jehovas vitne, muslimske trussamfunn, Human-Etisk Forbund og fleire mindre kristne og internasjonale trussamfunn. Alle desse spelar ei viktig rolle i liva til mange menneske, og det skal vi ta på alvor.
Ein kulturplan som ikkje ser denne delen av samfunnet, ville ha vore både ufullstendig og historielaus. Difor er eg glad for at fylkesutvalet samla seg om å rette opp dette, og håpar Fylkestinget følger fylkesutvalget når me skal endeleg vedta planen 16. juni. Kultur handlar ikkje berre om det vi skaper i dag, men også om det vi har med oss frå generasjonane før oss – og tek med vidare til dei som kjem etter.
Les heile planen her:
Randi Walderhaug Frisvoll
KrF Fylkestingsrepresentant