Her, i det finaste bygget i mils omkrets – her er me no samla for å gjera akkurat det Maria gjer når Jesus kjem på besøk. Her er me for å feire gudsteneste i lag. Me syng og me bekjenner. Me ber og me høyrer. Og me gler oss med dei som er her med Sebastian for å leggja heile framtida hans i Jesu hender.
Her er me ei Maria. Ikkje mora til Jesus, men systera til Marta og Lasarus. Og så er det litt krangling mellom desse to damene slik det kan vera mellom systrar flest: Ho som tek mest ansvar for det som skal gjerast, klagar over at systera berre set seg ned for å lytte. Noko så lite produktivt, liksom. Mens Marta er på kjøkenet og har det travelt med å stelle i stand mat, sit Maria berre der og høyrer. Og det er alt ho gjer.
Og kven av desse to systrane er det som får ros? Det kan synast noko urettferdig når Jesus seier at Maria har valgt den gode del og den ikkje skal takast ifrå henne. For kven skal gjera alt arbeidet når det er slik? Det er fortsatt slik som det var den gong: Jobbane blir ikkje gjort av seg sjølv. Folk og dyr må ha mat. Det må vaskast og ryddast. Og har me gjester, må me ta oss godt av dei.
Her i dette som er eitt av Guds hus i bygda vår, er me i lag om å velja den gode del. Me er i lag om å velja den gode del som ikkje skal takast ifrå oss. Og de som er foreldra til Sebastian, har endå til valgt den gode del for han, og både de og faddrar og heile menigheita går inn i jobben det er å lære han stadig meir kva denne gode del for livet går ut på.
Ein kar fortalte meg ein gong om korleis det var å gå på gudstenestar i bygda der kjeringa hans var ifrå. Han bar seg ille over presten, som tydelegvis mangla alt av evne til å formidle. Alt denne presten sa var både tørt og drygt, tungt og kjedeleg på ein gong. Det å høyre på denne presten var rett og slett ein lidelse.
Men så skjedde det noko som snudde heile innstillinga for denne karen som kjeda seg så uendeleg felt under dei forferdelege preikene: Han begynte å høyre etter. Han begynte å lytte. Og då – då vart det interessant likevel. Og så sa han at under denne preikestolen til denne udugelege presten går det rett og slett an å lytte seg til frelse. Det sa han. Lytte seg til frelse.
Udugelege prestar er det nok av, særleg for dei som vil kritisere. Og til tider er det også god grunn til å kritisere. Men det me er sett til å formidle er heldigvis større enn oss: Det er ordet frå Gud. Ordet som forandrar folk, ordet som snur oss trill rundt så me sluttar å gå mot mørket og døden men heller ser at vegen som går mot lyset og livet er likar`.
Dette året de er konfirmantar, blir rekna som eit år spesielt for modning og refleksjon over kvar de står her i livet og kva dåpen til Kristi død og oppstandelse betyr. Me skal gå denne leia i lag. Og så er det med dykk som det er med Maria at dess meir de er interessert i å få med dykk, dess meir interessant blir det.
Me har høyrt lesetekstar om å modnast. Om å vekse på innsida, slik at livet vårt med Gud får gje impulsar til korleis me oppfører oss. Profeten Mika seier at det korkje kjem seg an på å koma til Gud med offer som kostar meir enn skjorta. Det det kjem seg an på, er at du gjer rett, syner trufast kjærleik og vandrar audmjukt med Gud. Paulus skriv at han ber om at kjærleiken blant folk i menigheita i Filippi må bli meir og meir rik på innsikt og dømmekraft slik at dei kan forstå kva som er viktig og stå reine og utan feil på Jesu Kristi dag.
Tuttimin, det er ein lang veg å gå. Me treng visst nokon og einkvar av oss vårt av Jesu Kristi nåde for å klare det. Og energien, den får me når me gjer som Maria og vel den gode del som ikkje skal takast ifrå oss. Gudsord som gjer godt for oss som vil bevege oss mot lyset og livet.
Det gjer godt for oss som er eit mangslunge folk å vita at den nye kongen vår ser det på same måte: Også han treng hjelp frå Gud. Når han kan inrømme såpass, slik far hans også gjorde, skulle det heller ikkje vera verre for oss.