Åsbjørg Ryeng på bandoneon saman med Trondheimsolistene i Surnadal Kulturhus

Nyttårskonsert med Trondheimsolistene

Fredag kveld var Trondheimsolistene i Surnadal kulturhus og held sin årlege nyttårskonsert for eit begeistra publikum. I år hadde dei med seg Åsbjørg Ryeng på bandoneon.

Publisert Sist oppdatert

Konserten starta med at fiolinelevar frå kulturskulen i Sunndal og Surnadal spela saman med Trondheimsolistene. Dei framførte det nyskrivne verket «DnA» av Sarah Freestone, laga for eit profesjonelt orkester og for dei som er meir ferske i faget.

Spente små spelmenn som har siste øving før scena.

Synnøve Hammervold har lang erfaring som musikklærar. Ho underviser strykeelevar i Sunndal, Surnadal og Rindal.

- Det er 30 elevar til saman der 15 av dei er med i kveld, men det er plass til enda fleire! Både eldre og yngre som har lyst til å prøve seg på fiolin er velkomne. Det er berre å ta kontakt med kulturskulen.

Små og spente spelmenn ser tydeleg opp til den rolege og blide læraren. Det er tydeleg dei har lært mykje også, for dei leverte flott musikk på scena.

Storarta samspel.

- For ein bra start på det musikalske året i Surnadal!

Uttalte musikalsk leiar for Trondheimsolistene Geir Inge Lotsberg etter opninga med kulturskulen. Etter at dei minste fiolinistane hadde bukka og takka for seg, måtte Trondheimsolistane klare seg på eiga hand.

Trondheimsolistene i Storstua, Surnadal Kulturhus.

Dei greidde seg godt aleine, men om mogleg vart det enda flottare når solist Åsbjørg Ryeng vart med på bandoneon. Ho forklarte om instrumentet sitt, som ved første augekast kan sjå ut som eit trekkspel. Bandoneon er derimot skarpare i lyden, heilt ulogisk og utan system med knappar på heilt tilfeldig plass. Det la ein ikkje merke til når ho spela. Først i samspel med Lotsberg på fiolin i det vemodige verket «Nada».

Presist samspel.

Vemodig var det også når Trondheimsolistene spela «Adagio» av Barber. Konserten vart avslutta med eit nykomponert verk av Håkon Magnar Skogstad. Skogstad er eit kjent musikernamn frå Surnadal. Eit imponerande presist samspel mellom Åsbjørg på bandoneon og Trondheimsolistene.

Da er vi klare for 2023 og vi gler oss til neste nyttårskonsert.

Flott avslutning på ein flott konsert.
Powered by Labrador CMS