Reisebrev frå Stockholm – Del II:
Drama, idyll og jubileum
«Hela Sverige bakar»
I kulturbyen Stockholm nærmast snublar ein i minnesmerke og attraksjonar. På veg til Brunnsviken stansa vi eine dagen ved Ulriksdal Slott. Ved vårt førre Stockholmsbesøk opplevde vi her svigersønn Erik Rosenius og dotter Sigrid utfalde seg som artistar saman med kollegaer i ein operakavalkade inne i barokksalen.
Denne gong var det kokkane ved eit utebygg attmed slottet som vekte interesse: Dei klargjorde nemleg til TV-opptak for programmet «Hela Sverige bakar» - som vi ofte har sett i stua heime. Med prektige Ulriksdal Slott i bakgrunnen får denne bakinga litt av ei ramme!
All slags historie
Kvar ein snur seg i Stockholm, aller mest inne i Gamla Stan, talar hendingar og historie til deg.
- Her borte, peikar Sigrid, - skjedde eit forferdeleg blodbad ein gong i tida!
Og kva var det? Jau - i november 1520, da Kalmar-kongen Christian II nettopp hadde kuppa den svenske trona, sette han i gang ein massakre for å kvitte seg med motstandarane. - I dette «Stockholms blodbad» vart bortimot hundre menneske - adelsfolk, borgarar og tenarskap – drepne på gata rett bak oss her, fortel Sigrid.
At den same Christian Tyrann vart avsett og laut rømme eit par år seinare, var nok like greitt.
Da var det trivelegare og ikkje lite imponerande å sjå oppslutninga om det årlege «Elit-loppet» på Solvalla, eit av verdens største hesteveddeløp. – Dette har vore årvisst her sia 1952, kunne Gunnar fortelje.
Litt småmuntert var det å stanse ved «Kanaans Trädgårdskafe» etter å ha køyrt gjennom ei lang skogstrekning. I all munterhet fekk det oss til å nynne den nordmørske folketonen «Ak, mon min Vei til Kanaan endnu er meget lang?» Uansett – den «kanaaneiske» serveringa i kafeen var nydeleg.
Jubileum «Credo Nicaenum»
2025 var jubileumsår for Den Nikenske Truvedkjennninga frå 325. Den er grunnleggande i katolsk og anglikansk messe og blir på høgtidsdagar ofte bruka også i vår lutherske kyrkje. Teksten finn ein i vår norske salmebok på nummer 979.
Eit nykomponert musikkverk no ved 1700-årsjubileet var oratoriet «Credo Nicaenum» av den svenske domorganisten og komponisten Michael Waldenby. Dette er eit av dei største «Credo» som nokon gong er komponert: For to solistar, dobbelt kor og orkester.
Vi var på urframføinga i ei fullsett Uppsala Domkyrka. Kvifor? Jau - sopransoloen i storverket er skriven spesielt for vår Sigrid. Da komponisten Waldenby møtte henne, oppdaga han visst stemmen han «hadde venta på» og som han meinte høvde til hans musikk. Det uttrykte han slik til Sigrid: - Var har du varit i hela mitt liv?
Konsertminne for livet
Enda prøvene på dette verket var ei oppleving. Å sitte i Domkyrkosalen medan Uppsala-kantor Ulric Anderssson og komponist Waldenby finpussa detaljane med Sigrid, altsolist Kristina Martling Virin og Kungliga Hovkapellet, skapte forventningar til uroppføringa nokre dagar seinare.
Så vart da også konserten i den flotte katedralen eit foreldreminne for livet. Uppsala Domkyrkokör og Collegium Cantorum utgjode hovudkoret saman med orkesteret framme i kyrkja. Når så Uppsala Katedralsångare (leia av komponist Waldenby) stemte i på galleriet bak i det svære rommet, skapte det ein nesten himmelsk akustisk effekt. Domkantor Ulric Andersson leia heile det store klangapparatet.
Med stor og variert uttrykksrikdom har Waldenby tonesett dei tre hovudledda og mange seksjonar i truvdkjenninga som Kyrkjemøtet i Nikea vedtok for 1700 år sia.
Ligg ute på Youtube
Å skildre deltaljar vil føre for langt her og no. Som «innvigd» er det likevel artig å nemne eit glimt i auget: Komponisten Waldenby har merka seg at Edvard Grieg er blant Sigrid sine yndlingskomponistar. Så midt inne i den musikalske truvedkjenninga flettar gir han ei helsing til solisten – med nokre tonar frå «Morgenstemning» av Grieg!
Elles gjorde den geniale avslutninga eit uglømmeleg inntrykk: Medan orkesterklangen dør ut i ein tynn strykartone, blir verkets tidlause vedkjenning løfta opp til kvelven i katedralen av ein einsleg stemme frå Bøfjorden: «Credo in unum Deum - Vi trur på ein Gud!»
Og idet vi takkar brevlesaren for reisefølgjet, kan vi nemne at urframføinga av Waldensbys «Credo Nicaenum» ligg ute på Youtube. Ved å google «Waldenby» finn ein filmen frå Uppsala Domkyrkja med heile verket.