Et kor oppstilt i ei kirke
Dei to kora og kåsøren under sluttsalmen «Jeg tror på jordens forvandling».

Fargerik salmekveld

Aldri har eit større kull delteke på «konfirmantundervisning» i Stangvik. Attåt dei 18 konfirmantane av året møtte bortimot hundre vaksne til Salmesus-kveld onsdag.

Publisert

Det vart ei fargerik stund med salmeboka som pensum. Og det på fulltonande vis med tekster og tonar frå alle land og alle tider. Instrument og to songkor førte an, til god repons frå den store forsamlinga som omkransa kveldens målgruppe – konfirmantane.

«Kjøle interessant»

Ideskapar og prest Torbjørn Brøske fletta allsong og salmekunnskap saman – med djup innsikt og varm humor. Som ei ved utgangen sa det: - Ta va ein kjøle interessant kunnskapstime, også for den som var konfirmant for lenge sia!

En mann som står i koret i ei kirke.
Kunnskapsrik og humørfylt programleiar – Torbjørn Brøske.

Det skal godt gjerast å gi eit meir levande innblikk i salmekulturen på ei konfirmant-økt, som dette i utgangspunktet var. Ved at undervisningstimen opna for syngande publikum og to kor la øvinga si hit, vart det ein lokal kulturkveld som påkallar gjentaking.

Ei dame som står midtgangen på kirka og dirigerer et sangkor.
Uttrykksfull dirigent: Elin Persson. Torbjørn Brøske og alle andre lyttar konsentrert.

Rikdom mellom permane

Med koret P17 og Tordenskjold Songlag som forsongarar og bidragsytarar opna Torbjørn salmeboka slik at alle fekk del i rikdomen av tekster, tonar og tusen års levd liv mellom permane.

Et sangkor med dirigent i ei kirke.
Tordenskjold Songlag med dirigent Elin Persson.

Songtradisjonane og teologien bak dei, kyrkjeåret og ulike temavinklingar vart fletta saman og fekk liv i levande framføring av alle slags salmar: Kyrie frå Ukraina, Kingos påskejubel til tone frå Taknes i Halsa, klangar frå bedehuset, lovsong frå Afrika, Brasil og Uruguay (endatil tango) veksla med velkjent stoff frå kyrkjeårets høgtider.

Korprogram

Med så mange varierte inntrykk vart kanskje ikkje heile pensum fordøyd av konfirmantane i farten. Men ingen er i tvil om at «Norsk Salmebok» - med sine over 1000 melodiar og enno fleire tekster – er blant våre største kulturskattar.

Flere konfirmanter som sitter i kirkebenkene.
Konfirmantane fekk ein annleis undervisningskveld.

Mellom allsong og faktabolkar gav Tordenskjold smaksprøver frå programmet til sin planlagde utanlandstur. Av komponistane nemner vi Frode Alnæs, Ola Gjeilo og Arild Sandvold. I «Skal hilse fra fjellet» imponerte Per Jarle Riksheim med vakker solo. Elin Persson dirigerte.

Tre menn som står og synger.
Bassrekka i Tordenskjold: Lars, Per Jarle og Per Ivar.

Prosjekt 17 var først og fremst forsongarar og la korklang til fleire allsongar. Attåt dette framførte dei m.a. «Ave Maria» av Mendelssohn og «Hosianna» av Olivers.

Et sangkor i ei kirke.
Prosjekt 17 syng «Ave Maria» av Mendelssohn.



Powered by Labrador CMS