Reidunn Melhus Halle , Reidunn Ranes, bak Petrine Heggset, Eli Skei, Ola Nordvik og Olav Glærum på Bjørnahaugen i 1959, da var Reidunn 16 år.

Påskeminne frå Bjørnahaugen

Skiturar, kortspeling og påskekos. Reidunn Melhus Halle mimrar om påskene på Ytre Nordmarka i Surnadal.

Publisert Sist oppdatert

Bjørnahaugen er ei gamal markastue på Ytre Nordmarka. Bestefar til Reidunn, Jon Øye, bygde ho i 1925. Jon dreiv fleire gardar og trong difor ekstra for som han slo på Nordmarka. Bestefaren og familien var i Bjørnahaugen i vekesvis om sommaren og slo, om vinteren henta dei foret heim med hest og slede.

Da Reidunn voks opp var det ikkje markaslått meir, no hadde markastua vorte til ei hytte.

- Mange som hadde vore med på markalått hadde gode minne om hytta. Både mor mi og onkel min fortalte ofte om kor trivelege dagane var, og kor koseleg det var å somne i søget av Bjørnahaugstoen, seier Reidunn.

Det var fleire som hadde hytta som turmål. Mange lag og organisasjonar var der, grupper av ungdomar kunne overnatte der nokre netter, og det var og tilfelle der familiar lånte hytta til ferieturen sin.

- Ikkje riktig alle spurte før dei lånte ho, dei kraup inn gjennom glaset og skreiv «takk for lånet» i hytteboka, seier Reidunn og ler. Men slike ting var heilt greitt den gongen. Berre dei ordna opp etter seg var det fritt fram.

Mykje besøk

I påska brukte far til Reidunn å kjøre dei opp på Nordmarka, så gjekk dei over Langvatnet, der var det alltid tjukk is om påska, deretter gjekk dei gjennom «Tronget», og så var det ikkje langt att til Bjørnahaugen.

- Bror min, Jon, var to år yngre enn meg, men likevel mykje raskare på ski, seier Reidunn. Han gjekk alltid frå meg. Han stoppa og venta på meg, men akkurat når eg nådde han att, gjekk han. Typisk!

Etter kvart for dei enten opp Øyagardslia eller opp frå Pesletta på Berset. Da vart turen meir småkupert og ikkje så kjedeleg.

Det var mykje liv i Bjørnahaugen. Mykje folk gjekk forbi, og dei fleste stoppa og slo av ein prat.

Reidunn Melhus Halle, Gerd Strand, Jon Melhus, Jenny Teilgård Røøyen og Hjørdis Grøtan Follerø. Bak Leiv Sæter og Peder Melhus.

- Far var sosial og var glad i å snakke med folk, fortel Reidunn. Ikkje sjeldan vart folk så lenge at det vart så dei låg over i den enkle hytta. Det var no helst etter at vi ungdomane rådde grunnen det, da. Det var alltid artig med besøk.

Gamle skinnfeller

Hytta har to rom, eit kammers og ei stue. I kammerset er det ei stor skuvseng, i stua står eit bord med 4 knakkar, sengbenk, kjøkkenbenk og ein omn dei koka mat på. I stua er det ein stige opp til eit lite loft med nokre soveplassar.

- Vi var ikkje så nøye på det, frå den første tida hugsar eg at madrassane var halmbolstrar, og over oss hadde vi teppe og gamle skinnfeller, seier Reidunn.

Reidunn har mange gode påskeminne frå Bjørnahaugen. Ei påske hadde ho med seg vener frå framhaldskulen på hytta.

Reidunn Melhus Halle, Reidunn Ranes og Else Marie Berset. Bak Jon og Peder Melhus.

- Det var veldig fint ver den påska, og om natta var det klårt måneskin.

Utdrag frå hytteboka:

"Vi kom hit kl. 3. Peder Melhus var med oss og bar dei tunge sekkane våre. Men etter at han hadde fått kaffi gjekk han heim att. Om kvelden fekk vi besøk. Liv og Anna hadde vore på Fagerfjellet. Da dei kom att møtte dei 4 «busekallar». Dei kom inn livande redde og ropa at vi skulle stengja døra. Sjølv sprang dei opp på loftet og dro opp stigen. Sidan rømte dei ut gjennom glaset. Men besøket var ikkje så farleg. Det var berre Sivert, Arvid, Olav og Oddvar."

Busekallane var gutar frå Øverlandshytta.

Kortspeling og skiturar

Dei hadde mange gaue påskeaktivitetar.

- Vi spela mykje kort, det var Lygar, Amerikaner, Mattis, Olsen og Vist, fortel Reidunn. Så var det mykje kaballegging. Vi høyrde på radio, vermeldinga måtte vi få med oss, og 20 spørsmål med Rolf Kirkvåg.

Kortspeling i solveggen. Per Sende, Kåre Berset, Reidunn Ranes, Øyvind Holte, ukjent, og Ola Nordvik , Gråva. Framom sit Ola Grimsmo.

Skiturane gjekk på Råslettkammen, Fagerfjellet og Langora.

- Eg våga meg ikkje på Langora, seier Reidunn. Det var for bratt. Da dei andre gjekk dit, bruka eg å ta meg ein tur på Fagerfjellet. Det var godt å gå på skitur åleine, minnes ho. Eg såg utover marka og over til Langora der dei andre gjekk på tur. Å stå på Fagerfjellet heilt åleine ga meg slik ei god kjensle, eg kjente meg så liten i det store landskapet, det gav meg sinnsro.

- Dette er første gongen Ola (mannen til Reidunn) var med på påsketur til Bjørnahaugen, i 1965. Det var visst veldig spanande for eit par venninner av meg som vi trefte, og det måtte forevigast.

Gode minne

Maten koka dei på omnen på stua. Fast takst kvar påske var egg, flesk og kokapotet. Den tradisjonen tok Reidunn med seg til Vindøldalen da dei bygde seg hytta der. Det hørte liksom påskehelga til.

Hyttebøker frå Bjørnahaugen

I dag er hytta i dårleg stand. Reidunn tykkjer det er vemodig. I samband med svorkautbygginga og anleggsperioden på 1960-talet, vart det bilveg rett attmed hytta. Vegen vart sjølvsagt til stor nytte både sommar og vinter, men det vart ikkje så koseleg på hytta lenger.

- Det er synd at det vart slik, den gamle markastua er eit kulturminne, seier Reidunn.

Reidunn har teke med seg hyttebøkene heim frå hytta. Sjølv om ho sjeldan besøker Bjørnahaugen har ho bøkene å lese i, fine bilete og gode minne.

Reidunn Melhus Halle

Takk til Inge Solheim for redigering av svartkvitt-bileta.

Powered by Labrador CMS