Kirka med rogn og rognebær

Preika i Rindal kyrkje 22. oktober

Publisert Sist oppdatert

Dette å betale skatt må me gjera uansett om me gjer det med glede eller gjer det med bittert sinne. Verre var det gjerne på Jesu tid, då skatten gjekk til okkupasjonsmakta i Roma. Men då også måtte skatten betalast. Og i tillegg fekk folk beskjed om å gje til Gud – altså til templet og til omsorga for dei som var overgitt til andre. Det kan vera at det å gje med glede, gjer folk både rausare og rikare på verdiane som ikkje kan målast med pengar. Sundag vart det forkynt slik i Rindalskyrkja:

Matteus 22,15-22.

Er det rett å svara skatt til keisaren? 

Då gjekk farisearane bort og vart samde om at dei ville fanga han i ord. Dei sende læresveinane sine til han i lag med nokre herodianarar og lét dei seia:

«Meister, vi veit at du alltid held deg til sanninga og lærer sant om Guds veg. Du bryr deg ikkje om kva andre meiner, for du gjer ikkje skilnad på folk. Sei oss kva du meiner: Er det rett å svara skatt til keisaren, eller er det ikkje?» 

Men Jesus merka vondskapen og sa: «De hyklarar, kvifor set de meg på prøve? Vis meg mynten som skatten skal betalast med!» Dei gav han ein denar. 

«Kven har biletet og namnet sitt her?» spurde han. «Keisaren», svara dei.

Då sa han til dei: «Så gjev då keisaren det som høyrer keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til.»

Då dei høyrde det, undra dei seg, og dei lét han vera og gjekk sin veg.

Slik lyder det heilage evangeliet.

Fyrst eit dikt av Dan Turell, fritt omsett til nynorsk:

Pass på pengane! Pass på pengane!

Pengane er dødsens farlege!

Pass på pengane!

Gje dei vekk! Dei får deg til å gløyme å sova.

Gje dei vekk! Dei får deg til å gløyme å elske.

Gje dei vekk! Dei får deg til å gløyme å danse.

Brenn dei!

Dei får deg til å gløyme smakssansen din, fargesansen din.

Pengane er dødsens farlege.

Pass på kjærleiken din.

Pengane er dødsens farlege.

Dei er eit hardare stoff enn noko eg har kjent.

Langt meir vanedannande enn morfin.

Dei forgiftar tankane dine.

Dei får deg til å gløyme å elske.

Dei får deg til å gløyme å danse.

Pass på pengane.

Pass på pengane.

Pengar er dødsens farlege.

Pass på kjærleiken din.

Ja, me høyrer godt kva dette handlar om. Og den gode Dan Turell er i godt og stort selskap blant alle som har åtvara oss imot den dyrking av pengar og rikdom, gull og mammon me alle er slavar under. Meir eller mindre slavar – i alle fall i periodar.

Pass på pengane, seier poeten. Eller pass deg for pengane – slik du er obs på og passar deg for eit vegkryss, eit trinn eller ein orm.

Pass på kjærleiken din, seier Dan Turell også.

Her betyr det noko anna, nemleg at me må ta vare på og verne om. Og du verden kor viktig det er: Pass på at kjærleiken din til livet, til din neste og til Gud ikkje let seg forandre frå noko fint til noko ekkelt og sakte glir over til å bli kjærleik til pengane og til mammon. Pass deg for det.

For om så skjer, så får du problem sidan pengane er langt meir vanedannande enn morfin og heroin.

Pengane kan me altså bli avhengige av, pengane kan me bli slave av – i eit slags livslangt slaveri i dansen rundt gullkalven.

Så langt har eg delvis sitert den danske presten Johannes H. Christensen i preikesamlinga En åben dør. Preikene hans er like lange som dei er gode, så difor held eg fram sjølv:

Men bodskapen let me klinge med: Pass deg for pengane! Kjærleiken til pengane er skummel når den tek plassen til alt anna – og ikkje minst alle andre – som er så mykje meir verd å elske.

Me kan gjerne måle opp for oss sjølve alle skrekkens eksempel i så måte frå politikken her til lands. Alle som måtte forlate posisjon som offer for eigen eller andres grådigheit og dumskap. Me kan gjerne – men me må ikkje.

Fordi: Når det gjeld grådigheita på rikdom og pengar, så står me skummelt likt, alle me som har potensiale til å utøve dumskap.

Så har me i det minste skjønt at Jesus er såre dagsaktuell i sine svar. Som ein litt komisk parantes: Det finst bibelforskarar som legg prestisje i å kunne plukke ifrå kvarandre Skrifta og eliminere det meste av kva Jesus med sannsynlegheit har sagt.

Men sjølv desse, mest tekstkritiske, har funne ut at om alt anna skal bort, så har Jesus med all sansynlegheit sagt dette: Gje Keisaren det keisaren skal ha og Gud det Gud skal ha. Det var då noko - .

Eller ganske mykje. Faktisk såpass mykje at eg tek til å lure på om det blir att noko til meg sjølv. Skal eg gje til Gud slik jødane i si tid gav til templet og til dei fattige?

Og skal eg gje til keisaren, slik jødane i si tid vart pålagt å gje skatt til den romerske keisaren langt borte som endå til var okkupasjonsmakt?

Det kan vera gale nok å bli pålagt skatt til alskens formål om den økonomiske styringa er milevidt unna det eg sjølv ville prioritert. Og slik er det jo alltid! Så kan me altids ta ein fnys av velkjent opphav og bera oss over alt dette unødvendige og endå til destruktive som «skattebetalernes penger» skal gå til. Har me ein gnist til misnøye, manglar det ikkje på informasjonskanalar for å få fyra opp under denne.

Men kva tener det til?

Tener det til noko godt for desse som for n-te gong er dagsaktuelle med å bli stigmatisert i forhold til når ein kjem seg opp om morgonen?

Tener det til noko godt for alle borna her til lands som lever under fattigdomsgrensa?

Tener det til noko godt for alle som lever i den største frykt og naud og bekymring for korleis dei skal få sitt daglege brød?

Tener det til noko godt for alle som er offer for krig? – og dei er farleg mange no til dags.

Gje til Gud og gje til keisaren, altså gje frivillig til dei gode formåla og betal skatten din som du er pålagt. Berre gjer det utan å vera korkje gjerrig eller sur.

Reaksjonen hjå dei kritiske som spør Jesus, er at dei blir forundra.

Går me inn i materien, kan gjerne me også bli litt forundra. Forundra over kor mykje me har att når skatten er betalt. Forundra over kor mykje meir me kan ha å bidra med til ein så grunnleggande velsignelse som å halde liv i nokon av dei som prinsipielt er syskjena våre. Lat dei få kjenne at me er syskjen i praksis også.

Pengar er dødsens farlege.

Pass på kjærleiken din.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS