Øvre Rindal kapell

Preika i kapellet 10. september

Det er interessant å leva. Nokon gonger er det rikeleg utfordrande. Til dømes i møte med tekstavsnittet me har for oss sundag 10. september. Eg har heller ikkje spesielt stor kompetanse på fred og forsoning, og orda Jesus gjev oss krev sitt av oss også. Slik vart preika – og så kan ein altids håpe at nokon finn eitkvart som trøyster eller byggjer opp.

Venleg helsing soknepresten.

Matteus 5, 38-48

Å løna vondt med godt

De har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han.

Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.

Elsk fiendane dykkar

De har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’

Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.

Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.

Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?

Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen. Slik lyder det heilage evangeliet.

Så var det sagt. Med dunder og brak. Med faste prinsipp og tavler så harde som stål type 18/8 – eller var det 18/10 som var det hardaste?!

Så var det sagt som det var sagt før, mange hundre år før Kristus - dette som stod i den gamle Moselova og folket kjente så godt til: Auge for auge, tann for tann. Har du skada nokon, så skal du sjølv li same skade.

Framhaldet gjer lova reint human, tida teke i betraktning: Skadar du ein trell eller ei trellkvinne, så skal du bøte med å gje dei fri. Det var då endå noko - .

Og så viser Jesus til eitkvart anna som var sagt, nemleg at du skal elske nesten din og hate fienden din.

Her synest det ikkje å harmonere noko særleg. Ser me på kvar det er henvist til i Lova, blir det noko mildare enn dette Jesus seier dei har høyrt at er sagt: Du skal ikkje ta hemn og ikkje bera agg til lansmennene dine, men du skal elska nesten din som deg sjølv. Eg er Herren.

Nåja. Det blir gjerne to sider av same sak likevel. Det blir gjerne like vanskeleg som å ungå å hate fienden.

Så blir spørsmålet tydeleg nok: Når vart dette relevant for oss? Er det relevant for oss å høyre denne bodskapen, bortimot firkanta formulert, noko kantete og veldig lite fleksibelt? Her er lite rom for diplomatiske vendingar og individuell tilpasning.

Og det har faktisk alt for mange vorte konfrontert med oppigjennom: Du skal tilgje. Du skal ikkje bera nag. Men elske skal du derimot. Du skal elske dei som baktalar deg, dei som frys deg ut, dei som lyg på deg, dei som trakasserer deg. Du skal elske din overgripar – eller endå verre: Dei som gjorde borna dine vondt.

Så alt for mange fekk høyre slik uklok tale ifrå sjølvposisjonerte lærarar som totalt mangla erfaring, kompetanse, empati og klokskap. Og gagneleg vart det slett ikkje.

Ingen har myndigheit til å leggja ei slik bør på eit lidande menneske, eit menneske som lid meir enn nok ifrå før. Den slags åtferd er dårskap og å leggja stein til byrda.

Det er ikkje eigna til rettferd, men til å bryte menneske endå meir ned. Måtte alle bli spart for den slags frå no og for alltid!

Kva blir så dei krenka sitt evangelium? Dei forhatte? Dei baksnakka? Dei utfryste, isolerte og utmobba? Kva har Jesus å seia til dei som er krenka og har vondt for få plass og rom i varmen og fellesskapet?

Profeten Mika er inne på dette i ein tanke han ikkje har teke ifrå seg sjølv: Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot, mi livsfrukt for mi sjels synd?

Nei, Mika. Det skal du ikkje. Men ta imot konsekvensane av dette offeret, det kan du. For det var ein annan som ofra.

Han ofra sin fyrstefødde for dine brot. Han ofra si livsfrukt for di sjels synd.

Vitnesbyrdet talar med ei tunge: Jesus står på dei forhatte si side. Han står på sida til dei som er krenka og utstøytt. Han står på sida til dei som frys og er einsame. Han er vår – han deler vår lagnad og vår smerte.

Så må me, då som no, leva i lag her på denne mangslungne jorda med desse mangslungne menneska som vart våre samtidige. Me er så forskjellige. Nokon tek seg til rette mens andre blir krenka. Og Gud let sola skine over oss alle og regne over oss alle.

Heldigvis vart det aldri vår lott å velja kven som skulle vera våre samtidige og kven som skulle vera foreldra våre. Og godt er det.

Nokon vel å breie seg på andres bekostning. Dei om det. Me kan altids lata vera. Det kan bli vårt valg å syne storsinn og rausheit der me møter tilknappa gjerrigheit. Det kostar så lite å seia noko hyggeleg til folk som ikkje beherskar den kunsta. Så kan me kanskje, i neste omgang, om me leiter godt, finne eitkvart godt i slike folk også?

Det er interessant å leva. Og utfordrande å skulle leva i forsoning i alle retningar. Forsoning med Gud. Forsoning med kvarandre. Og ikkje minst i forsoning med oss sjølve.

Enn så lenge har me nådetida. Sola skin over oss og regnet væter oss uansett om me lever etter eller ifrå Guds vilje med liva våre. Me lever under den same nåden. Og så må me aldri gløyme at den er stor nok til å romme oss alle – uansett om liva våre vitnar om at me treng den eller me klarer å gøyme synda vår både for oss sjølve og andre.

Som ein siste snert, eller eit siste leggspark, seier Jesus til dei som høyrer at de òg skal vera fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.

Den danske presten Johannes Christensen, som eg har motstått freistinga til å servere uavkorta frå preikestolen i dag, dreg sine konklusjonar frå denne fullkommenheitsordren:

«Å vera fullkomen består ikkje i å vera betre enn andre, ikkje i å ha klårare begrep enn andre, ikkje i betre teoriar, eller meir vidtskuande prinsipp. Alt dette er til sjauande og sist eit forræderi mot den verkelegheita me er sette til å leva i med kvarandre.

Nei. Å vera fullkomen består i å kunne lata kvarandre vera slik me er i alt som gjer oss forskjellige, å bera over med nestens feil og tåpeligheiter, å avfinne seg med at verda er forvirra, kaotisk, ufullstendig – og så virke godt og ærleg i det tilværet som er ditt, blant menneske du er sett iblant.

Vær då fullkomne slik dykkar himmelske Far er fullkomen. Fullkomenheita består eine og åleine deri, at også du og eg lærer å gle oss over at den gode Gud i kjærleiken som ikkje gjer forskjell på folk let det regne over både rettferdige og urettferdige, og let sola si skine over både gode og onde.

Å gle seg over dette, det er å vera fullkomen. Og det er vanskeleg. Uhyggeleg vanskeleg. Og eg lærer fyrst denne gleda, når eg svært mykje imot mi eiga vilje må innsjå at nettopp Guds grenselause godheit, hans kjærleik som ikkje gjer forskjell, er den einaste forklaringa på at sola skin – også over meg. På at det regnar - også over meg. På at også eg – eg – får vera her på denne jorda som er så velsigna.»

Så langt Johannes Christensen.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Powered by Labrador CMS