LESARINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

AP raserer næringslivet!

Publisert

"Kven trenger tilskudd og almisser frå AP-regjeringa, når lokalt næringslivet må ta opp store lån for å betale ein vanvittig formuesskatt som rammar lokaleigd næringsliv brutalt?"

AP ved Kjølmoen er ute i kjent stil og forsøker å angripe FrP som faktisk HAR ein næringspolitikk, til forskjell frå AP, som raserer vårt næringsliv.

Aldri før har landet hatt ei verre regjering for næringslivet, som rammar Møre og Romsdal brutalt.

Kvar veke kan vi i våre medier lese om nye konkursar, medan AP slår seg på brystet over auka sysselsetting i det offentlige.

  • det offentlige som ikkje skapar ei kr, men kun forbruker verdiskapinga frå privat næringsliv.

Skyhøge skattar og avgifter, formuesskatt, grunnrenteskatt, skyhøg straum, drivstoff og ei høg rente knekker næringslivet og samtidig setter samferdselsfylket i kneståande,

Så snakker Kjølmoen om FrP?

Burde egentlig skamme seg, alle i næringslivet veit at det viktigaste for dei er ein sunn økonomi, med gode rammevilkår som fører til inntjening i selskapa slik at innovasjon og utvikling er mulig.

FrP sin næringspolitikk legg opp til rammevilkår der bedriftene kan utvikle seg positivt, gjennom kraftige skatte og avgiftskutt og ein økonomisk politikk som får rentenivået ned.

Dette er det aller viktigaste akkurat no, sikre næringslivet og sikre arbeidsplassane.

Til dømes må drivstoffprisane kraftig ned, slik at eit eksportfylke som Møre og Romsdal fortsatt kan vere landets største, ikkje slike AP bedriver med skyhøye drivstoffprisar og kostnadsvekst dertil som rammar all transport vanvittig.

Eg trur at næringslivet her i fylket lengtar attende til ei ny borgarleg regjering, som vil føre ein næringspolitikk som næringslivet ønsker.

Det er nok AP og Stoltenberg i praksis no.

  • "næringslivet her i fylket har aldri blitt bygd opp med grunnlag i almisser frå staten, men er bygd opp gjennom lokalt eigarskap, knallhardt arbeide og med verdiskaping og inntjening i private bedrifter som har bygd vår næringsfylke".

Landet og Møre og Romsdal trenger ei ny regjering med eit knallsterkt FrP, som verkeleg satsar på næringslivet og verdiskaping.

Frank Sve
1. nestleder i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP

 

 

Powered by Labrador CMS