Rindal IL - Strindheim TF 2

Fortent seier til Rindal
Søndag tok heimelaget Rindal IL imot Strindheim TF 2 til kamp på Rinnvollen. Veret varierte frå strålande sol og øsande regn, men mange skodelystne hadde tatt teke turen, veret til trass! Og heimelaget skuffa ikkje!
Allereie i det første minuttet av kampen satt ballen i nota bak Strindheims sisteskanse! Kan vel reknast som ein keepertabbe, men mål er mål og sist på ballen var Stian Bolme. Etter scoringa vart det ein svært javn kamp. Gjestane hadde ballen mykje, men makta ikkje å skapa dei store sjansane. Heimelaget derimot såg langt giftigare ut og hadde nokre feite sjansar til å auke leiinga, men ballen ville ikkje i mål. I staden var det gjestane som kunne kvittera etter atten minuttars spel, då Rindals keeper Anders Grytbakk slepte, noko som såg ut til å vera eit svakt skot, bak seg. Ti minuttar etter dette kunne heimelaget jubla for mål og det var Geir Bævre som sette ballen i nota til 2 – 1 leiing til heimelaget. Det var også pauseresultat.

Andre omgang starta litt som den første, med at Strindheim hadde ballen mykje, men som i den første omgangen var dei svært ufarlege framom heimelagets mål. Eit svært godt organisert rindalsforsvar hadde få problemar med å halde gjestane unna. Og det såg mykje farlegare ut når heimelaget sette fart framover mot Strindheims mål. Heimelaget fekk sjansen frå straffemerket då Vegard Mogset vart felt, men Martin Fjerstads forsøk frå ellevemeteren blei for svakt og keeperen avverga. Men det skulle ikkje gå så mange minuttar før heimelagets Jørgen Gjerstad steig til vers og stanga ballen i vinkelen og auka leiinga til 3 – 1 til Rindal. Gjerstad spelte for øvrig ein sterk kamp i Rindals forsvar. Etter dette datt intensiteten i kampen, men Rindal såg fortsatt farlegast ut og det var svært fortent at Vegard Mogset satte inn 4 – 1 på tampen av kampen. Mogset var ein konstant trussel for gjestane, og var ein av dei mest dominerande på eit friskt heimelag.


Seieren var svært viktig i kampen om å halde seg på trygg grunn unna dei siste plassane på tabellen, og med slikt spel kan det bli mange poeng utover hausten!
Trollheimsporten gratulerar!
Spelarar som var i aksjon søndag var:
Anders Grytbakk, Sondre Aune, Sondre Næss Bolme, Edvard Bolme Fjerstad, Jørgen Gjerstad, Geir Bævre, Stian Bolme, Martin Bolme Fjerstad, Peder Melien Ree, Daniel Hagen Eide, Vegard Mogset, Mattis Fiske, Torstein Heggem, Sander Landsem Kattem, Ola Myklegard Aarnes, Magnar Reitan og Steinar Gjeldnes.
