Surnadal Pensjonistlag:

Mennesker, hytte og fjell.
Fjellgruppa med 30 personar i Innerdalen i år som i fjor.

Tur til Innerdalen

Publisert Sist oppdatert

Fjellturar er gauast i godver! Det vart vi samde om da 30 Fjellgruppefolk la i veg opp brattbakkane frå Virumdalen til Innerdalen 22. august.

Dalen og fjella ikring viste seg frå si beste side: stupbratte, spisse, høge, men med grøne lier som skjørt nedetter og vatnet i midten, der toppane stod opp ned.

Mykje folk på vegen, og mange tungemål. Innerdalen er nok kjent langt utanfor Nordmøre.

På Innerdalshytta fekk vi graut og bakels og kaffe - velsmakande og velfortent, meinte vi.

Ein fin dag med mange blide andlet som takka for laget da vi venta på ferga på Rykkjem.

Powered by Labrador CMS