
Fjellgruppa starta høstsesongen med Svinvikrunden
Tysdag starta Fjellgruppa i pensjonistforbundet i Surnadal høstsesongen med Svinvikrunden.
Før det var bygd veg over Svinvikkammane var Svinvika knutepunkt for vegsambandet til Todalen.Vegen var ferdig i 1898. Ingebrigt Kvendset kjøpte buss i 1937 og starta da første bussruta i, «Kvendsetruta». Første året køyrde han bussen etter vegn som var bygd som kjerreveg for hest. I dei krappaste svingane måtte kan rygge fleire gonger for å smyge bussen gjennom. Året etter, i 1938 var vegen langs fjorden ferdig. Ingebrikt vart seinare sjåfør på «Todalsbussen» til Surnadal Billag. I 2001 vart Svinviktunnelen opna.


På turen gikk vi forbi dei opparbeide plassane som Statnett har opparbeidd i forbindelse med riving av den eine kraftlinja som kryssar fjorden og som skal erstattast med ei større linje. Ved forankringsmastene er den eine plassen som skal brukast som vinsjeplass når kablane skal strekkjast over fjorden. Den andre skal brukast som base for mellomlagring av materialer frå den gamle linja, og for den nye linja etter kvart som helikopter flyg dei frå og til. Frå neste vår blir det mange tunge lass ned og opp frå Snøyå når den gamle skal rivast og den nye skal opp i løpet av seks månader, som er tidsvindauget som er avsett før det må settast spenning på den nye for at det skal bli nok straum til vinteren.





Etter rast og niste gikk vi ned til Snøyå, og fikk «testa» den nye brua som Statnett har bygd, og attende til Svinvika etter vegen langs fjorden.

