SURNADAL KOMMUNE MELDER:

Illustrasjonsfoto

Påminning om bandtvang

Frå Surnadal kommune.

Surnadal kommune minner om reglane for bandtvang, som du og kan finne på kommunen sine heimesider.

Frå og med 1. april til og med 31. oktober, skal eigar eller innehavar av hund i Surnadal kommune halde hunden i band, forsvarleg innestengd eller inngjerda i område der bufe beiter og i den tid bufe beiter. Surnadal kommune har eiga forskrift for bandtvang av hund og område der hundar ikkje har tilgjenge. Alle hundeeigarar blir oppmoda til å setje seg godt inn i desse reglane.

Generell bandtvang 1. april til 20. august

Generell bandtvang er ein periode kvart år kor hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda heile tida. Grunnen til dette er at dyrelivet er ekstra sårbart i denne perioden, og for å sikre at hundar ikkje skremmer opp eller jager fugl, vilt og beitedyr. Perioden gjeld frå 1. april til 20. august, og gjeld ikkje for enkelte typar jakt- og tenestehundar under aktiv teneste eller trening.

I tillegg er det bandtvang heile året i Purka, Grimsmoen, Sæterøya og Ranesevja naturreservat. jfr. verneforskrifta for desse.

Les meir om båndtvang på Mattilsynets hjemmeside.

Bestemmer ut over generell bandtvang i Surnadal kommune

Surnadal kommune har i tillegg eigne bestemmingar ut over den generelle bandtvangen, der hundar skal haldast i band eller forsvarleg innstengt eller inngjerda.

Hunder har for eksempel ikkje adgang til skular, barnehagar, kirkegardar og gravplassar/urnelundar.

Se bestemmingane her:

Forskrift om utvida bandtvang for hund, Surnadal kommune, Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS