To kvinner står på en kirkegård og raker opp løv
Mange er med på rakardugnad om våren. Her er Heidi Solem (t.v.) og Torbjørg Settem i sving på ein lauvrik kyrkjegard.

Takk for god gjerning

Publisert Sist oppdatert

Dugnad betyr «god gjerning». Kva hadde samfunnet vore utan den frivillige innsatsen for kvarandre?

Kyrkja i Surnadal markerte nyleg sin takk til frivilligkorpset - med «blåtur» og festkveld. Kyrkja har all grunn til å løfte fram «den gode gjerning».

80-90 frivillige

Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Hauge Venås stod i spissen og inviterte dei 80-90 frivillige som med trufast innsats syter for at kyrkja sine mange tilbod når ut og samlar folk.

Utan lønn skaper dei trivsel og meining – på institusjonar og i trusopplæring, med servering og besøksteneste, dei syng i kor og grupper og held kyrkja levande.

Eit halvt hundre deltok på «blåturen», som endte i Rindalen. Først med kveldsandakt og song i kyrkja, deretter med grautfest i triveleg lag på Menighetshuset.

Her viste fellesrådsleiar Rannveig Brøske glimt frå Kyrkjerådet sin statistikk over frivilligarbeid. – Det er ti gonger så mange frivillige personar som tilsette i kyrkja, sa ho. – Innpå hundre tusen gjer gratisinnsats ved gudstenester, i barne- og ungdomsarbeid og elles!

Songinnsats for millionar

Utanom desse var mange songarar frå kor og gudstenestegrupper blant dei inviterte til takkefesten. Desse skaper store verdiar og utrettar mykje av det kyrkja er forplikta til på feltet kyrkjemusikk. Organist Bernt Bøe hadde leika seg med tal. Han tok ordet for å dokumentere at lokale kor gjennom dei siste ti-åra har utført kulturdugnad for tosifra millionbeløp!

Våronn på kyrkjegardane

Betydeleg dugnadsarbeid ligg også utanfor statstikk og blåturar. Som dei mange onnafolka med raking og rydding på kyrkjegardane kvar vår. Særleg er denne oppslutninga prosentvis høg i dei små kyrkjesokna.

Den gode atmosfæren på hyggekvelden understreka også trivselen som ligg i å vera saman og «hjelpast åt» - slik folk i bygdene alltid har gjort og utan tvil vil fortsette å gjera!

Mange mennesker sitter på småbord og spiser kake og drikker kaffe
Hyggeleg og vel fortent takkefest på «blåturen».
En mann i ullgenser holder en bok og snakker foran to menn som sitter ved et bord
Sverre Hatle har i årevis gjort ei umåteleg gratisteneste som klokkar, korist og forsongar, har arbeidd på NMS Gjenbruk og leia ettermiddagstreff med andakt og opplesing (som her) i Omsorgsbustadene på Skei.
Mange menn og kvinner står i ytterklær foran en hvir kirke og smiler mot kameraet
Medlemmene i sokneråda har både mynde og mykje tidsbruk til gagn for kyrkja si. Dette er Stangvik sokneråd hausten 2022.
Powered by Labrador CMS